Molde Fotballklubb har for store utgifter, og har difor bede alle tilsette gå ned rundt ti prosent i løn. Spelarane har sagt ja til ein slik lønsreduksjon, men dei kravde også individuelle avtalar. Og det er desse avtalane klubbleiinga meiner dei ikkje kan gå med på, seier leiar i MFK, Oddne Hansen. Molde må framleis spare pengar, og styra i Molde Fotballklubb og Molde Fotball skal no sjå om det finst andre måtar å få ned utgiftene på. Oddne Hansen stadfestar at eitt alternativ er å selje spelarar.
- Aktuelt med spelarsal
Oddne Hansen utelukkar ikkje spelarsal
Leiar i Molde Fotballklubb, Oddne Hansen, seier det kan bli aktuelt å selje spelarar for å få ned utgiftene.
Publisert
Artikkelen er flere år gammel.
Publisert