Over-natten-grøt med bær. Havregrøt i glass toppet med bringebær, nøtter og bkåbær.

Frukostgrauten mettar i mange timar. Og på sitt beste er den kalde grauten laga med nordiske råvarer.

Foto: Carina Ahlskog / YLE

Sunn og fargerik frukost­graut

Overnight oats, eller kald graut som det heiter på norsk, blir i dag servert på trendy kafear. Men den er lett å lage sjølv. På sitt beste er den kalde grauten laga med nordiske råvarer. Vi er faktisk verdas beste på hovudingrediensen, havregryn.

Slik gjør du

Grunnlaget for den kalde grauten er havregryn som er dynka i ei slags væske. Det kan vere mjølk, jus eller anna plantebasert mjølk – alle vil fungere like bra.

Bland alt saman i ein bolle og dekk med lokk.

La stå i minst 5–6 timar i kjøleskapet eller over natta.

Sjekk konsistensen før servering, og tilset væske etter smak.

Ved servering; fyll bollar med kald graut og topp med bær, frukt og/eller nøtter.

Du får i deg mykje fiber og protein, som mettar deg godt i fleire timar.

Tips

Topp grauten etter hjartans lyst. Det kan vere bær, frø, nøtter, finkutta frukt eller krydder som til dømes kanel.

Kilde: Anders Samuelsson frå TV-serien «Hygge i Strömsö»