Aniskringler

KAFFIGODT: Aniskringler serverast både med brunost og kvitost, eller godt heimelaga syltetøy.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Smakfulle aniskringler

Både til frukost og som kaffigodt er aniskringler lekre å servere til gjester. Eller du kan ete dei sjølv. Det beste er at du bakar dei enkelt sjølv.

Slik gjør du

Smelt smøret. Ha i mjølka og varm alt til 35 grader.

Ha i sukker og rør gjæra ut i litt av deigvæska. Visp inn egget og bland inn mjølka saman med gjæra.

Rør inn kveitemjøl litt etter litt til du får ei smidig, ikkje for fast deig. Sett deigen til heving i ca. 30 minutt med eit handkle over bakebollen.

Ta deigen ut på bakebordet og trill ut ei pølse, del den i ca. 20 emne. Trill kvart emne ut til ei ca. 35 cm lang pølse som du formar til ei kringle. Legg på plate med bakepapir. Etterhev i 25 minuttar. Pensle med egg som er blanda med litt mjølk. Steik kringlene midt i omnen.

Steik på 210 grader i ca. 20 minutt.

Tips

  • Spray vatn i omnen når du set inn brettet med aniskringler slik at dei får raskare steikeskorpe og held seg mjuke.
  • Når du trillar ut emna til tynne pølser, hugs å lage endane litt tynnare slik at dei ikkje blir så tjukke på kringla.
  • Dersom du har problem med å finne knust anis i butikkhyllene, kan du bruke stjerneanis som du knuser i ein food processor.

Kilde: Kari Støfringsdal