Laster innhold, vennligst vent..
NU brød

Om oppskrifta er frå 1985 blir brødet like ferskt og godt når du bakar det.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Grovt brød

Kari Støfringsdal gir deg oppskrifta på eit godt grovt brød som inneheld mykje grovt mjøl, frø og havregryn.

Slik gjør du

Legg heilkorn, grov rug, kli, kim og solsikkefrø i bløyt kvelden før bakinga i 12 dl kokande vatn.

Løys opp gjær i litt av vatnet. Bland resten av vatnet, dei bløytte korna og frøa, salt, sukker, gjær og grov kveite og havregryn. Havregryna må ikkje leggast i bløyt før ein har dei i deigen, glutennettet i deigen vil då løyse seg opp og ein får ikkje deigen til å henge saman. Ha kveitemjøl i til slutt, og reguler kor fast deigen skal vere med det. Hev godt. Om ein har tid, bruk gjerne minste mengda med gjær.

Trill ut til fire brød, dypp dei i ei skål med lunka vatn og så i havregryn. Legg dei i form eller som runde brød på plate. Hev dei i cirka 40 minutt. Steik dei i ein time ved 200 grader.

Tips

  • Når ein har kokande vatn på sammalt rug og det får stå over natta eller til passe baketemperatur på ca. 30 grader vil brødet smuldre mindre, og ein ein nyttar næringsstoffa i det grove mjølet betre. Det same gjeld og for rugflak og klemt rug.
  • Denne oppskrifta vart laga til Noregs Ungdomslag (NU) sitt landsstemne i Førde i 1985 av Kari Støfringsdal. Difor vart det kalla NU-brød. Det skulle vere eit brød som heldt seg godt utan frysing, for dei som budde i telt. Naustdal Dampbakeri baka brødet, og det var i sal under stemna.

Kilde: Kari Støfringsdal i lokalsendinga til NRK Sogn og Fjordane