Aloo gobi servert på en metalltallerken med tynt brød ved siden av.

Lag ein indisk curry, aloo gobi, med blomkål, poteter og krydder. Ein herleg lun og krydra middag som både er kjøttfri og mettande.

Foto: Fra TV-serien Verdens beste curry / SVT

Aloo gobi – indisk curry med blomkål og potet

Dette er billig, enkelt og herleg smaksrikt. Ein klassisk indisk rett med poteter, blomkål og mange aromatiske krydder. Aloo gobi er fantastisk god kvardagsmat.

Slik gjør du

Varm 3 ss olje i ein wok eller gryte. Tilsett alle dei heile kryddera og steik til det duftar godt.

Ha i løk og steik til han er godt brun.

Røyr i dei malte kryddera, og steik i eit minutt eller så.

Tilsett tomat, buljong, sukker og salt. La det koke i 20 minutt.

Vend inn poteter og blomkål. Kok på låg varme i 5 minutt.

Smak til om det trengst meir salt og sukker, og ha eventuelt i litt ketchup.

Varm 1 ss olje i ei lita steikepanne. Tilsett ein chili, karriblad og sennepsfrø.

Steik raskt, og pass på at sennepsfrøa lagar ein poppande lyd.

Hell dette over retten rett før servering. Server gjerne med ein salat og tynt varmt brød.

Tips

Ikkje la deg skremme av den lange lista med ingrediensar. Retten er både kjapp og lettvint.

En smakfull potet- og blomkålgryte står på menyen. Malin gir sine beste tips om krydder, men vil Douglas la seg begeistre av maten?

En smakfull potet- og blomkålgryte står på menyen. Malin gir sine beste tips om krydder, men vil Douglas la seg begeistre av maten?

Kilde: Malin Mendel frå TV-serien «Verdens beste curry»/SVT