Hopp til innhold

Sniffa seg fram til ni av ti kreftpasientar

Hundar kan i framtida bli eit avgjerande verkemiddel i kampen mot prostatakreft, viser ein svært vellukka studie utført i Storbritannia.

Trening av hund til å påvisa kreft

Helsestyresmaktene i Storbritannia har godkjent eit større forskingsprosjekt med hundar i diagnostisering av prostatakreft etter at ein ny studie gav oppsiktsvekkjande gode resultat. – Dette er svært spanande, seier pressesjefen i den norske Kreftforeininga (Biletet er relatert til ein tilsvarande studie i Pennsylvania, USA).

Foto: Matt Rourke / Ap

Det offentlege helsevesenet i Storbritannia har gitt grønt lys til eit større forsøksprosjekt med bruk av hundar for å påvisa kreft hos menneske, skriv den britiske avisa The Guardian.

Forsøket er godkjent etter svært gode resultat i ein studie utført av organisasjonen Medical Detection Dogs. I meir enn ni av ti tilfelle (93 prosent) klarte spesialtrente hundar å avsløra prostatakreft ved å lukta på urinprøvar frå pasientane.

Kreftforeininga positiv til bruk av hundar

Erik Vigander

Svært spanande, seier pressesjef Erik Vigander i Kreftforeininga om vellukka forsøk med hund i diagnostisering av prostatakreft.

Foto: Øyvind Bjørkum

– Me kjenner til at det finst fleire døme på at hundar har lukta seg fram til kreft, både i utlandet og her i Noreg. Dette er svært spanande. Dei kan finna narkotika, bomber og luktar når diabetikarar får lågt blodsukker, så kvifor ikkje kreft også, seier pressesjefen i Kreftforeininga i Noreg, Erik Vigander.

Kreft i prostata er den kreftsjukdomen som råkar flest menn i Noreg. I 2013 fekk 4836 menn diagnosen, ifølgje Kreftforeininga.

Testen som i dag blir brukt for å påvisa prostatakreft, PSA, er lite presis og medfører at mange som i realiteten er friske får eit positivt prøvesvar og må ta unødvendige vevsprøvar frå prostatakjertelen med infeksjonsrisiko.

– Det er ei utfordring og det blir forska mykje på nye og betre biomarkørar for diagnostisering av prostatakreft. Me er positive til at hundar kan fungera som eit supplement til laboratorieprøvar, men me kan ikkje berre basera oss på hunden sin nase i diagnostisering av kreft, seier Vigander i Kreftforeininga.

«Daisy» avslørte brystkreft hos lege

Den første store forskingsrapporten som dokumenterte at hundar er i stand til å påvisa kreft, blei publisert i British Medical Journal i 2004. Ein av bidragsytarane, legen Claire Guest, vart fem år seinare varsla om at ho hadde kreft av hunden sin Daisy.

Hunden skal ha endra åtferd og begynt å dulta borti brystet til eigaren sin. Då Guest kjende etter, hadde ho ein øm kul i området som etter nærare undersøkingar viste seg å skjula ein kreftsvulst som let seg helbereda takka vere tidleg diagnostisering.

– Spesialtrente hundar er meir pålitelege enn dei fleste eksisterande krefttestar. Dei har ein ekstraordinær luktesans og kan snusa seg fram til det som svarar til ein drope blod i to store symjebasseng, seier Guest til The Guardian.

Korleis hundane greier å lukta kreften finst det førebels ikkje fullstendig sikker kunnskap om.

Ein teori som står sterkt, er at kreftcellene gir frå seg ei karakteristisk lukt som kan fangast opp av den fintfølande hundesnuten via urinen.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)