Hopp til innhold

Slik ser du at barnet ditt slit

– Det er viktig å hugse at få barn har eit språk for at dei har det vanskeleg, seier Trude Fixdal, spesialist i barne- og ungdomspsykiatri.

Gutt

Signal på at barnet slit, kan vere at barnet grublar mykje, lurer på kvifor ting er som det er, eller ikkje tørr å gjere ting. Illustrasjonsfoto.

Foto: NRK Super

Kring 70.000 barn og unge har psykiske lidingar som krev behandling. Folkehelseinstituttet omtaler det som eit stort helseproblem i Noreg. Denne veka har NRK Super temadagar om psykisk helse, for å gi barna meir kunnskap om kjensler.

– Alle endringar som går ut på at eit born ikkje lenger vil gjere dei tinga som dei tidlegare har likt å gjere, til dømes skule eller fritidsaktivitetar, kan vere eit signal om at noko er gale, fortel Trude Fixdal, overlege ved Nic Waals institutt, Lovisenberg sykehus.

Her er nokre av signala som kan tyde på at eit born har det vanskeleg:

1. Endra søvnmønster

psykisk helse

Illustrasjonsfoto.

Foto: NRK Super

– Om barnet tidlegare har sove greitt, men byrjar å ikkje få sove eller vakne på natta, kan det vere eit symptom på at ikkje alt er som det skal vere, seier psykiatrieksperten.

Ifølgje professor i spesialpedagogikk ved Universitetet i Agder, Ingrid Lund, kan det også gjelde at barnet søv for lite eller for mykje.

– Barn er forskjellige, og treng god søvn. Det har samanheng med både kognitiv, sosial og emosjonell utvikling, seier Lund.

2. Presterer dårlegare på skulen

Barn

Illustrasjonsfoto.

Foto: MARIT AABY VEBENSTAD / NRK

Nokre barn sluttar å greie det dei tidlegare har pleidd å greie, eller sluttar å følgje med i timane på skulen. Det kan også vere vanskeleg å konsentrere seg.

– Ofte er det skulane som melder bekymring, anten om det gjeld skuleprestasjonar eller konflikt med andre born, seier Fixdal.

Lærar og helsesøster kjenner gjerne barnet godt, og kan vere gode samarbeidspartnarar om ein mistenker at psykisk sjukdom kan vere årsaka til endring i barnet si åtferd.

Ingrid Lund legg til at barn med psykiske utfordringar kan ha endra psykomotorisk tempo. Barnet kan bli endå meir rastlaust eller «treigare» enn før.

– Det stille barnet blir endå meir stille og til dømes ikkje deltakande i leik og samspel med andre. Den som lagar mykje uro, blir meir uroleg og lagar meir lyd og tydeleg åtferd med hele kroppen, fortel ho.

3. Blir meir engsteleg

Psykisk helse

Illustrasjonsfoto.

Foto: NRK Super

Eit anna signal kan vere at barnet grublar mykje, lurer på kvifor ting er som det er, eller ikkje tørr å gjere ting. Ei kjensle av at ein ikkje er noko verd og ei kjensle av skuld kan også vere signal.

– Hos barn ser ein stort sett plager gjennom endring i åtferd. Dei kan òg synest at folk er dumme, og mange snakkar om at ting er kjedeleg, fortel Fixdal.

«Kjedeleg» er eit typisk ord som kan romme alt som er ubehageleg.

4. Slit med å regulere kjenslene sine

Psykisk helse

Illustrasjonsfoto.

Foto: NRK Super

Nokre barn blir meir sinte og kranglar meir.

– Hjelp til å regulere kjensler er viktig. Det er vanskeleg å snakke om ting om ein er opprørt, sint, redd eller trist.

I nokre tilfelle kan sinne vere eit uttrykk for at barnet er trist.

– Vi kallar ofte dette symptomet for «sad not bad». Dei aller fleste barna som kjem til oss har problem med å regulere kjenslene sine. Ofte er dei ikkje eigentleg sinte, men lei seg, seier ho.

Når barnet er sint eller lei seg, kan det vere ei utfordring å finne ut av kva som er årsaka. Fixdal meiner at vaksne ofte kan vere for verbale i møte med barn.

– Det nyttar ikkje å seie at «no skal vi snakke saman», om ein ikkje har ein relasjon der det kjem naturleg. Ofte vil ikkje barn snakke om vanskelege ting, seier ho.

Det er fleire måtar ein kan gjere kjensler meir konkrete for barnet. Det kan vere bøker, spel, leiking eller fargelegging.

– Vi teiknar ofte eit kart over skulen, og har ulike fargar for ulike kjensler. Så fargelegg vi stadene på skulen i dei fargane barnet vel. Ein kan også gjere det same til dømes heime og på fotballtrening, held ho fram.

5. Sjå dei stille barna

psykisk helse

Illustrasjonsfoto.

Foto: NRK Super

Nokre born kan vere sjenerte og meir forsiktige, og trivast godt med det. Samstundes kan nokre oppleve at det blir ei utfordring i møte med menneske og ulike situasjonar.

– Det som er viktig er at den vaksne ikkje lar seg avvise, men viser og seier at det einaste den vaksne vil er å finne ut av ting saman med barnet. Då må også den vaksne anerkjenne barnets åtferd og kjensler, seier Lund.

Om ein ikkje fangar opp desse barna, kan den inneslutta åtferda forsterkast.

– Då ser vi at barnet lukkar seg enda meir igjen, og åtferda forsterkast. Det igjen fører til større einsemd og utanforskap.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)