Ut i naturen på NRK1 30. oktober 2007 kl. 19:30
Naturen vår er full av skattar – både i dyreriket og i berggrunnen. Vi viser korleis DU kan vaske fram gull, og kvar du finn dette edle metallet i landet vårt!
- Vi fann gull!
Dei seier det skal vere gull overalt i indre Finnmark. Er det verkeleg sant? Programleiar Monika Blikås reiste til Karasjok og gullgravarleiren til Nils Peder Eriksen for å prøve lykka.
Djupt inne i Helligskogen grov vi ut leirhaldig grus halvannan meter nede i jorda. Med dei karakteristiske vaskepannene fekk vi vaska grusen fri for leire og sand. Forsiktig, forsiktig vart dei siste steinbitane skylt vekk. Og der – nedst i panna – der glitra det! Glitra i gullkorn!
Rik på oppleving
Gullet er eitt av dei tyngste grunnstoffa våre, derfor vil sjølv knøtsmå gullkorn synke til botnen når vi ristar i gullhaldig grus.
For å få eitt gram gull, treng vi nesten tusen små gullkorn – til ein samla verdi av 90 kroner. Så gulljakta får ikkje bankboka til å svulme, men det betyr faktisk ingenting. Det er det å FINNE sitt eige gull som er så morsomt! Og det er meir der det kjem frå…
Fjellrev i ryggsekken
Fjellreven er truleg det mest trua pattedyret i norsk natur. Den har vore totalfreda i meir enn 75 år, likevel blir det berre færre og færre av den. No er det truleg berre eit 50-tals vaksne fjellrevar igjen i Noreg. Vi har følgd ein verditransport innover fjellet. Kvalpar fødde av innfanga, ville fjellrevar er ala opp og sleppast no laus på Dovrefjell.
Dyrebar møkk
Entomolog Stefan Olberg og Hanne Cecilia Aass skal grave i noko som for mange er gull verdt, nemleg kuruker og hestemøkk. Næringa i møkka er lett tilgjengeleg fordi maten allereie er halvfordøygd, og akkurat det er det mange insekter som veit å nytte seg av. Nashornbillelarven er spesielt lett å oppdage, for med sine 10 cm frå hovud til bakende er den like stor som ei halv grillpølse!
Ut i naturen på NRK1 30. oktober 2007 kl. 19:30