Hopp til innhold

Når bør du kjøpe hytte på fjellet?

Det kan vere smart å vente med hyttekjøpet til snøen har smelta.

Solgt-programleiar Frode Søreide gir deg sine beste hyttetips

SJÅ VIDEO: Få tips til kva du bør tenke på når du skal kjøpe hytte på fjellet. (Foto/redigering: Rune A. Hansen/Frode Søreide)

Når påskefjellet er på sitt finaste kan det vere freistande å legge inn eit bod på draumehytta.

Men det kan være lurt å ha is i magen. NRK.no har snakka med fjellmeklarar på fleire av dei populære skidestinasjonane i landet. I følge desse kan ein gjere dei beste kjøpa etter at påsketuristane har reist heim.

Petter Birkrem

Eigedomsmeklar Petter Birkrem.

Foto: Erlend Gjertsen

– Etter påske og fram mot sommarferien kan du vere heldig å unngå konkurranse i bodrunden, seier Marit Wangensten i Privatmegleren i Valdres.

- I mai er ski-sesongen over og det er lettast å prute, seier Christian Haatuft i Eiendomsmegler1 på Geilo.

Petter Birkrem i Privatmegleren Ullevål legg til at det kan vere ein fordel å sjå hyttetomta utan snø, da får du også inspisert hytta utvendig mykje betre.

Klimaendringane påverkar hyttemarknaden

Kor vil du at hytta skal ligge?

Prisane for fritidsbustader ved alpinanlegg er ofte høgare enn ved langrennsløypene.

Foto: Lisbeth Fauske Løland / NRK

Yvonne Halvorsen er meklar i det største skianlegget på Vestlandet, Myrkdalen Fjellandsby i Voss kommune. Ho seier at snøsikre område er blitt eit stadig viktigare kriterium.

– Mange ønsker dessutan å sleppe å krysse fjellovergangane for å kome seg til hytta, seier Halvorsen.

Ho får støtte av Ida Follinglo hjå Privatmegleren i Valdres.

– På grunn av klimaendringane opplever vi større etterspurnad etter hytte som ligg høgt over havet, gjerne opp mot 9001000 meter.

Men det er ikkje berre snø som er viktig. Per Hårstad i Heimdal Eiendomsmegling på Oppdal seier at folk er blitt meir oppteken av at hytta kan nyttast til alle årstider.

Rift om fjellhytter

Populært med hytte i fjellet

I fjor auka prisen på fritidsbustader i fjellet med 5,5 prosent.

Foto: Lisbeth Fauske Løland / NRK

Etter fleire år med finanskrise og full stopp i hyttesalet, er temperaturen i ferd med å stige i den norske fjellheimen.

Prisane for fritidsbustader på fjellet auka med 5,5 prosent i fjor og salet auka med 13 prosent.

– For fire til fem år sidan var bodrundar utenkeleg på Trysil, seier Petter Birkrem. No er det heilt andre tilstander.

– Leig før du kjøper

Er du mest oppteken av langrenn eller alpint?

Det er slik, som her på Beitostølen, vi vil ha det på fjellet i påska.

Foto: Lisbeth Fauske Løland / NRK

Christian Haatuft, som er meklar på Geilo, er ikkje overraska over at nordmenn har fått kjøpelysta tilbake.

– Vi er ein gjeng redebyggarar som sett hyttelivet høgt, og det trur eg er ein av dei største drivarane i marknaden. Men vi opplever eit større fokus på kvalitet og litt mindre på storleik no, meiner Haatuft.

Alle meklarane er samd i at det er viktig å tenke på kor hytta ligg. Ofte kan det vere lurt å leige ei hytte for ein periode, på stadane du vurderar, før ein tek ei avgjersle.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)