Hopp til innhold

Solcelledraumen brast: – Eg vil åtvare andre

Ekteparet drøymde om solcellepanel og lågare straumrekningar. Men etter eit halvt år sit dei igjen med masse frustrasjon og ikkje ein kilowatt straum frå solcellene.

solcelle-stills-150124-mr

André Gjerde og Laura Young med lange avviksrapportar frå eltilsynet på bordet. – No er vi så leie at vi berre vil bli ferdige med alt saman, seier han.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Eg vil åtvare folk om kva dei risikerer, seier huseigar André Gjerde.

Han hadde lenge drøymd om solcellepanel på taket. Samstundes hadde straumprisen auka.

– Eg tenkte at no er det på tide, seier André.

Han bestilte solcelleanlegg gjennom Fjordkraft.

solcelle-stills-150124-mr

Fleire månader etter at solcelleanlegget på bustaden i Kristiansund blei montert, er det framleis ikkje godkjent. Derfor har det heller ikkje levert så mykje som ein kilowattime straum. Til våren blir det tatt vekk.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Montørane kom frå Solcellespesialisten. Solcelleanlegget var ikkje ein gong ferdig montert då problema starta i august i fjor.

Det lokale eltilsynet i Kristiansund kom på inspeksjon og fann ut at det ikkje hadde vore nokon elektrikar til stades då solcellepanela blei monterte. Dei hadde heller ikkje arbeidd under tilsyn av ein elektrikar, slik forskriftene krev.

– Solcellepanela blei montert av ufaglærte, seier leiar Tarjei Kulø i det lokale eltilsynet i nettselskapet Mellom.

Leidningar frå solcellepanela på taket hang laust på veggen, omtrent ein meter over bakken.Eltilsynet meiner dette både kunne innebere brannfare og fare for å få straum gjennom kroppen om born tok på dei eller prøvde å halde dei mot kvarandre.

Leidningar frå solcellepanela på taket hang laust på veggen, omtrent ein meter over bakken. Eltilsynet meiner dette både kunne innebere brannfare og fare for å få straum gjennom kroppen om born tok på dei eller prøvde å halde dei mot kvarandre.

Foto: Det lokale eltilsyn / Mellom

Feil på mange solcelleanlegg

Dei siste to åra er det montert solcelleanlegg på om lag 15.000 bustadhus her i landet. På svært mange av anlegga er det feil.

Eltilsynet i Kristiansund fann òg fleire fysiske feil på anlegget hos André Gjerde og Laura Young. Mellom anna hang endane av kablar frå solcellepanela laust på veggen omtrent ein meter over bakken.

Spenninga i kablane blei målt til 320 volt og 356 volt. Det er langt høgare enn i ein vanleg stikkontakt, som har 230 volt.

– Du kunne ha fått støyt om du hadde rørt dei endane, seier Tarjei Kulø, leiar for eltilsynet i nettselskapet Mellom i Kristiansund.

Det lokale eltilsynet la i august ned forbod mot å bruke solcelleanlegget på grunn av feil.

Det lokale eltilsynet la i august ned forbod mot å bruke solcelleanlegget på grunn av feil.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Meiner det kunne ført til brann

Tilsynet skriv i rapporten sin at det i verste fall kunne ha ført til brann om til dømes barn hadde prøvd å sette saman leidningane.

Tarjei Kulø, leder for det lokale eltilsynet i nettselskapet Mellom i Kristiansund.

– Det blei brukt ufaglærte til å montere solcellepanela, seier Tarjei Kulø, leiar i det lokale eltilsynet i Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Vi er ueinige i dei påstandane, seier Carl Christian Strømberg, grunnleggar og administrerande direktør i Solcellespesialisten.

Han meiner det berre var ein teoretisk fare for at nokon kunne få straum i seg.

– Men i etterpåklokskapens lys skulle vi nok ha hengd desse kablane høgare på veggen, men vi var ikkje ferdige med monteringa då eltilsynet kom, seier Strømberg.

Eltilsynet forlangte at anlegget blei remontert med elektrikar til stades. Det gjorde Solcellespesialisten i haust.

Carl Christian Strømberg, grunnleggjar og administrerande direktør i Solcellespesialisten AS.

Carl Christian Strømberg i Solcellespesialisten seier at kundebehandlinga kunne ha vore betre.

Foto: Lars Håkon Pedersen / NRK

– Framleis for mange avvik

Men eltilsynet meiner at anlegget framleis ikkje kan godkjennast.

Tilsynet skriv i rapporten etter remontering mellom anna at ikkje alle kablar og pluggar på taket var understøtta skikkeleg for å hindre slitasje og gnag. Sikkerheitsinformasjon var ikkje skriven på norsk, risikovurderinga hadde ikkje vore god nok, og det mangla dokumentasjon på fleire ting, meinte tilsynet.

For bokstavtru?

Solcellespesialisten antydar at det lokale eltilsynet er for bokstavtru.

– Dei les reglane komplett ordrett, seier Strømberg.

– Nei, vi følgjer forskriftene sine krav om korleis det skal gjerast, svarar Tarjei Kulø i eltilsynet.

Uansett har ikkje ekteparet fått ein einaste kilowattime med straum frå solcelleanlegget inn i huset sitt.

Og dei 93.000 kronene dei betalte i forskot, fekk dei først tilbake i førre veke.

Hovudkontoret til Solcellespesialisten ligg i Fredrikstad.

Solcellespesialisten er den største leverandøren av solcelleanlegg her i landet. Selskapet har hovudkontor i Fredrikstad.

Foto: Lars Håkon Pedersen / NRK

Gir opp å innfri krav

Selskapet hans hadde frist på seg til 19. november med å rette opp i avvika som blei påpeikt i den siste tilsynsrapporten frå Kristiansund. Det har dei ikkje gjort.

– Vi såg at den totale mengda avvik, som i hovudsak gjeld dokumentasjon, er så stor at vi aldri vil klare å rette opp i alle saman. Og klarer vi ikkje alle saman, så blir ikkje anlegget godkjent, seier sjefen i Solcellespesialisten.

Den største leverandøren av solcelleanlegg her i landet gir altså opp å innfri krava til eltilsynet i Kristiansund.

– Vi kjem og tar ned anlegget til våren, seier Strømberg.

solcelle-stills-150124-mr

– Eg hadde lenge ønskt meg solcellepanel. Men eg trudde ikkje det skulle ende på denne måten, seier huseigaren i Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Skuffa huseigarar

Ekteparet i Kristiansund er lei av tallause e-postar og mas fram og tilbake etter at solcelleanlegget blei montert.

– Det er skuffande, seier Laura Young.

– Eg vil åtvare folk om kva dei risikerer å komme opp i, rett og slett. Ver påpasseleg, seier André Gjerde.

Solcellespesialisten vedgår at kundane i Kristiansund kunne ha blitt betre behandla, og seier at noko av forklaringa er den lange køyrevegen til Kristiansund.

Fjordkraft: – Ikkje handtert godt nok

Fjordkraft, som selde solcelleanlegget, skriv at dei som bestiller solceller skal få ei god kundeoppleving.

«Denne konkrete saken er ikke håndtert godt nok, noe vår leverandør har tatt ansvaret for» skriv kommunikasjonssjef Jon Vaag Eikeland.

André og kona har no fått tilbod om solcellepanel frå andre leverandørar.

– Men eg trur vi heller kjem til å bruke pengane på nytt kjøkken, seier han.

solcelle-stills-150124-mr

Det var ikkje elektrikarar til stades då desse solcellepanela blei monterte. Dei kom seinare.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger