Hopp til innhold

Her bomma meklarane med 22 millionar

– Det var litt som at vi mista følelsen i beina då vi fekk høyre at vi hadde bomma så mykje på prisen, seier meklar Dajmi Birkedal. Ho var med «Solgt» til Mallorca, og tippa pris på den dyraste eigedomen som har vore med i tv-programmet.

Bolig på Mallorca

Denne villaen i Son Vida på Mallorca var det vanskeleg å tippe prisen på - for dei norske meklarane.

Foto: Lisbeth Fauske Løland / NRK

TV-programmet «Solgt» har vore på Mallorca og tippa pris på feriebustader. For dei norske meklarane vart det ei tøff utfordring.

Eit av objekta dei prisvurderte var ein villa på heile 650 kvadratmeter. Den hadde ein terasse på 700 kvadratmeter, eit motstraumsbasseng med fossefall, og ei nydeleg utsikt over både Middelhavet og byen Palma.

Huset ligg i Son Vida, eit av Mallorca sine dyraste strok.

Dette huset er prisa til 40 millionar norske kroner

Huset ligg i eit at dei dyraste stroka på Mallorca.

Foto: Frode Søreide / NRK

– Eg får frysningar. Dette er jo veldig gøy å sjå, utbryt Dajmi Birkedal og Helga Sverdrup Hvass frå Sørmegleren i Arendal og Grimstad - i det dei blir vist rundt i villaen.

Dei får støtte fra kollegaene Morten Styremoe Hannestad og Stian Baklie frå Nordvik & Partners i Oslo.

– Eg har nok endra oppfatning av Mallorca. Eg trudde det var veldig charterprega, men det er eit stort spekter av eigedomar her, seier Birkedal.

Den dyraste eigedomen

Nok av plass

Det er god plass i huset som er på 650 kvadratmeter.

Foto: Lisbeth Fauske Løland / NRK

Eigedomen er den dyraste som har vore med i programmet «Solgt». Bustaden vart sist seld i 2014 og ny eigar har pussa den betydeleg opp. No er den lagt ut for sal igjen til en pris på 40 millionar kroner.

Men prisen på 40 millionar klarte ikkje dei norske meklarane å tippe i nærleiken av. Karane frå Nordvik & Partners tippa at salsprisen var 57 millionar kroner. Damene frå Sørlandet verdsett den til heile 62 millionar.

Det ga ein bom på henholdsvis 17 og 22 millionar kroner.

– Det var litt vanskeleg å ta inn over seg med ein gong. Men det var ein fantastisk eigedom som det var veldig vanskeleg å tippe pris på, seier Birkedal og ler.

Meklararane fekk ei tøff utfordring på Mallorca

Meklarane Morten Styrmoe Hannestad (t.v), Stian Baklie, Helga Sverdrup Hvass og Dajmi Birkedal fekk ei tøff utfordring av programleiar Frode Søreide på Mallorca.

Foto: Lisbeth Fauske Løland / NRK

Prisane på veg opp

Uslåeleg utsikt over Middelhavet

Frå terassen har du utsikt over byen Palma og Middelhavet.

Foto: Lisbeth Fauske Løland / NRK

Etter fleire år med krise er bustadprisane i Spania på veg opp att. Den dyraste bustaden som vart seld i Spania i 2016 ligg også på Mallorca. Den gjekk for rundt 500 millionar norske kroner.

Mallorca er den største øya i Spania, og har lokka til seg turistar sidan 50-talet.

Sjølv om stadig fleire nordmenn kjøper seg feriehus i utlandet, er dette langt frå den klassiske norske feriebustaden.

Meklar

Det er ikkje ofte den tyske meklaren Christian Michel har slike feriebustader for sal.

Foto: Rune A. Hansen / NRK

I følge den tyske eigedomsmeklaren Christian Michel, sel han berre fire til fem slike eigedomar i året.

– Eg trur det skuldast den politiske krisa og uroa som ein finn i andre land - som til dømes Tyrkia. Folk ønsker å reise til område som er rekna som meir trygge, seier meklar Michel på Mallorca.

Huset i Son Vida er likevel ikkje den største prisbommen i «Solgt». Eit lag frå Lillehammer bomma med 24,5 millionar kroner på ein villa på Gran Canaria.

Dyrast i Spania

Dette er den dyraste bustaden som vart seld i Spania i fjor. Den gjekk for rundt 500 millionar norske kroner.

Foto: Frode Søreide / NRK

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)