Flytta hagen opp på taket

Her kan bebuarane gå på taket og hauste eple midt i byen. Bra for byklimaet, meiner arkitekt.

Frodig takhage midt i byen

Takhagen skil seg ut som ein frodig plett midt i byen.

Foto: Stian Rugsveen/Gregard Pallotta / NRK Luftfoto

Sentralt i Oslo ligg ein bygard som skil seg ut frå alle andre i nabolaget. På taket har dei nemleg bygd ein frodig hage.

Takhage med flott utsikt

I tillegg til eit rikt planteliv er det flott utsikt frå takhagen.

Foto: Frode Søreide / NRK

– Eg meiner alle nye bygardar burde byggast med hage på taket. Det gir luft og lys til bebuarane og det er bra for klimaet, seier Cathrine Vigander, dagleg leiar i arkitektfirmaet Element.

Dei har teikna det prislønte prosjektet som ligg midt mellom Torshov og Grünerløkka i Oslo.

I ei tid med stadig meir ekstremvêr, som følge av klimaendringane, meiner arkitekten at takhagar kan utgjere ein skilnad i byane.

Cathrine Vigander

Arkitekt Cathrine Vigander meiner takhagar er bra som eit miljøtiltak i byar og meiner fleire burde bygge med hage på taket.

Foto: Sverre Chr. Jarlid

– Ved ekstremregn er takhagen med på å absorbere vatnet og avlaste eit avløpsnett som allereie er underdimensjonert.

– I tillegg vil plantene ta opp svevestøvet frå bilane og det er veldig bra for det biologiske mangfaldet, fortel Vigander.

Kan dyrke frukt og grønsaker

Hengekøy med utsikt

På taket er det også ti private områder. Denne naboen har installert seg med ei hengekøye.

Foto: Frode Søreide

På takhagen finn du alt frå epletre og bjørketre til eit rikhaldig planteliv.

Bebuarane kan gå på taket og hauste morellar, rabarbra og solbær.

I tillegg til fellesområdet med soldekke og salongar er taket utstyrt med ti private parsellar til bebuarane.

Her kan dei dyrke urter og poteter. Andre har hengekøy eller plaskebasseng.

Andreas Hafstad Augdahl

Styreleiar Andreas Hafstad Augdahl meiner takhagen har stor nytteverdi.

Foto: Frode Søreide / NRK

– Det er ein frodig plett i byen. Det er ikkje vanskeleg å samle folk til hyggeleg treff når du har dette å by på, seier Andreas Hafstad Augdahl, styreleiar i sameiget.

Nå er verdens høyeste trehus snart ferdig

Varer lengre enn takpapp

Grøne tak har også lengre levetid enn svart papp, i følgje sivilagronom Bent Christian Braskerud.

– Direkte sollys på eit svart tak reduserarr levetida fordi UV-stålar og høge temperaturer bryt ned takpappen. Om du har plantevekstar eller gras på taket beskyttar det takflata, samtidig som det er med på å kjøle ned bygget.

– Forsking frå Tyskland har synt at levetida for eit grønt tak kan vere tre gonger lengre enn med svart takpapp, fortel Braskerud.

Å utnytte taka på bygg i og rundt byane, meiner Braskerud og Vigander er framtidsretta.

– Tenk deg alle dei store næringsbygga som har takflater på fleire tusen kvadratmeter med berre papp. Her hadde det jo vore ypparleg å laga grøntareal der man kunne dyrka grønsaker, seier Vigander.

Kommunane kan stille krav

Ola Elvestuen

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) rosar arkitekt og utbyggar for prosjektet med takhage i Oslo.

Foto: Elise Angell / NRK

Prosjektet får ros av klima- og milljøvernminster Ola Elvestuen (V).

– Grøne tak er eit godt miljøtiltak, og Dælenenga 36 er et flott eksempel mange bør lære av.

Kommunane har sjølv eit stort spelerom når det gjeld utforming av eigne arealplanar. Dei kan for eksempel legge inn krav om ein viss andel grøne tak i reguleringsplanane.

– Oslo kommune gjorde dette for Bjørvika og Barcode-utbygginga. Då bestemte dei at minst 50 prosent av takarealet skulle vere grønt, seier Elvestuen.

Luftig på taket

Eit jordlag på 50 cm gjer det mogeleg å setje både poteter og plante tre på takhagen.

Foto: Frode Søreide / NRK

TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.