Hopp til innhold

– Første sommardag til å gråte av

Graspollensesongen står for døra, og 1. juni kan bli startskotet for den snørrete og tårevåte sesongen, trur pollenvarslinga.

Gresspollensesongen er på vei

Graspollensesongen er på veg, og dermed kan det bli tunge dagar for allergikarar.

Foto: Paul D. / Colourbox

Hallvard Ramfjord

Onsdag og torsdag er det meldt fint vêr, og då startar graspollensesongen, trur pollenanalytikar Hallvard Ramfjord.

Foto: Arkiv / NAAF
Snyter seg

Det betyr snørr og tårer for mange nordmenn.

Foto: TRIAS PHILIPPE / PHOTOPQR/LE PROGRES

– Det er umiddelbart førestående, seier pollenanalytikar i Norges Astma- og Allergiforbund Hallvard Ramfjord om når starten på graspollensesongen er.

Ifølgje Ramfjord har starten på graspollensesongen blitt stansa av nedbør i Sør- og Vest-Noreg dei siste dagane, men no kjem han snart.

– Vi har i eit par veker meldt at sesongen ville starte i månadsskiftet mai-juni. No ser vi også at vérmeldingane er gode for onsdag og torsdag, så vi ventar beskjeden spreiing allereie då, vurderer han.

  • Sjekk vêrmeldinga på Yr.no

– Ta preparat no

Pollenvarslingen.no har til no ikkje fått inn målingar av graspollen, men erfaringane frå tidlegare år tilseier at dei skal få desse inn ganske snart.

Det betyr dagar med snørr og tårer for nesten kvar femte nordmann. Ein reknar med at nesten ein million menneske har meir eller mindre alvorleg pollenallergi.

Vanlege symptom er at augene startar å renne, dei blir raude og klør og hovnar opp. Mange opplever at dei blir trøytte, får konsentrasjonsvanskar og redusert yteemne på jobb, skule, heime eller på fritidsaktivitetar.

Ramsfjord oppfordrar allergikarar til å ta sine førehandsreglar.

– For dei som har graspollenallergi, er det høgaktuelt å starte å ta preparat no, seier han.

Varer heile sommaren

For at preparata skal få full effekt, bør ein starte å ta dei ei veke før graspollensesongen startar. Men ein får effekt også om ein skal vere litt sein å kome igang, minner pollenanalytikaren om.

Graspollensesongen strekk seg vanlegvis over heile sommaren i det meste av landet.

Starten varierer veldig mellom sør og nord i landet, og etter kor langt fra kysten eller kor høgt over havet ein er.

Det finst omlag 160 ulike artar gras med ulike blomstringstider i Noreg. Ikkje alle gir like store problem for allergikarane.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)