Hopp til innhold

Fem ting du bør vita om prevensjon

Er kondom det einaste valet? Er p-piller 100% sikre? Korleis kan ein heilgardera seg mot sjukdom og graviditet? Her har du svara.

Rød kondom

Kondom er ikkje den mest effektive måten å sikra seg mot uønska graviditet. 1 av 10 vert gravide når dei kun brukte kondom.

Foto: Illustrasjonsfoto / colourbox

Norsk ungdom er blant dei dårlegaste i Europa til å bruka prevensjon med ny partnar, viser ei undersøking utført av analyseselskapet GfK.

Høge aborttal og stort antal registrerte seksuelt overførbare sjukdommar speglar denne tendensen. Det einaste som garanterer mot begge desse tinga, er kombinasjon av hormonell prevensjon og kondomar.

Dette bør du difor vita om prevensjon!

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

1. Kondom ikkje mest effektiv

Kondom er ikkje den mest effektive måten å sikra seg mot uønska graviditet. 1 av 10 vert gravide når dei kun brukte kondom. Dette er som regel på grunn av feil bruk av kondomen, at den sprekk eller dett av.

Kondom er det einaste som sikrar mot seksuelt overførbare sjukdommar.

Klamydia er den seksuelt overførbare sjukdommen som er mest utbreidt i Noreg, med over 22 000 registrerte tilfelle i 2009. Det viser tal frå Folkehelseinstituttet. Kondom er den einaste prevensjonsmåten for menn.

Senter for ung seksualitet kan mykje om kondomar.

GRATIS KONDOMAR frå Helsedirektoratet rett heim i postkassa di.

2. P-piller ikkje garanti mot graviditet

P-piller er den mest brukte prevensjonsmetoden blant jenter. 1 av 100 jenter vert gravide ved bruk av kun p-piller.

Feil bruk er hovudårsaka til at dei då vert gravide.

Sidan 2002 har enkelte p-piller blitt subsidierte av staten for ungdom mellom 16 og 25 år. Dette har ført til at p-piller er den prevensjonsmetoden som er mest populær blant unge jenter.

Sex og Samfunn veit meir enn dei fleste om p-piller.

P-piller

P-PILLER: P-piller er den mest vanlege forma for prevensjon blant jenter i Noreg. Enkelte typar vert subsidierte av staten for jenter mellom 16-25.

Foto: Illustrasjonsfoto / colourbox

3. Hormonspiral er best

Hormonspiral er det prevensjonsmiddelet som er mest effektiv mot uønska graviditet. Kun 1 promille av kvinner som bruker den vert gravide.

Ei myte om hormonspiral er at ein kun kan få den satt inn etter ein har vore gravid. Dette er ikkje tilfellet. Hormonspiral kan vera eit godt alternativ for dei som er i faresona for blodpropp, då den ikkje aukar denne risikoen.

Hormonspiralmytene vert avkrefta av Sex og Samfunn.

4. Kven er verstingane?

Ein av dei beste måtane å kartlegga kor flinke ein er å bruka prevensjon, er å sjå på tala på abortar og registrerte tilfelle av kjønnsjukdommar.

Blant dei registrerte tilfella av klamydia var heile 62% av dei kvinner. Av desse igjen, var 7 av 10 under 25 år.

Ettersom klamydia svært ofte er utan symptom, går det ofte upåvist.

Spesielt unge menn vert oppfordra til å sjekka seg.

Ca 30% av alle abortar i Noreg i 2009 vart utført på kvinner mellom 20-24 år. Det er denne aldersgruppa som har auka mest i heile landet. På topp ligg Oslo, Troms og Østfold, medan Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane ligg på botn.

Rød kondom

HERREPREVENSJON: Kondom er den einaste måten menn kan sikra seg mot seksuelt overførbare sjukdommar.

Foto: Illustrasjonsfoto / colourbox

5. Ikkje dumme tenåringar

Det er blitt registrert ein nedgang i antalet abortar blant tenåringar. Kun 1,6% av alle tenåringsjenter i Noreg har fått utført ein abort.

Ein av grunnane til at dette talet har gått ned, kan vera innføringa av subsidiering av enkelte p-piller.

Det er gutane som er flinkast til å ha prevensjonen klar.

Ei undersøking utført av analyseselskapet GfK viser at heile 43% av gutar tek ansvaret sitt alvorleg, medan kun 8% av jentene gjer det.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)