Hopp til innhold

PST: – Videosnuttar i seg sjølv er ikkje trugslar

Denne appen har utløyst væpna politiaksjon og evakuering. PST er oppteken av aktørane bak videoane som vert lagt ut på nett.

Skjermdump av ein eksplosjonsvideo

Desse eksplosjonseffektane har vorte forveksla med ekte trugselsvideoar.

Foto: Skjermdump frå Facebook

Har du ein smarttelefon kan du enkelt filme ditt eige nabolag og leggje på spesialeffektar, som liknar ein eksplosjon. Gratisappen «Action Media fx» kan syne rakettangrep, få steinar til å rulle og simulere bilkrasj.

Førre onsdag vart ein ungdomsskuleelev arrestert av væpna politifolk i klasserommet etter å ha leika seg med appen. Han hadde lagt ut ein video på Facebook av at Nordbygdo skule på Stord, vart sprengd.

Berre to dagar seinare utløyste ein liknande video evakuering av Waldemar barnehage i Oslo. Denne gongen var det ein Høgre-rådgjevar som hadde lagt ut ein film på sin Facebook-profil. Her bad politiet dei barnehagetilsette om å ta det med ro, men sende likevel ein patrulje til staden.

Ikkje straffbart

Martin Bernsen

– Det er ikkje straffbart å lage bilete av ein eksplosjon, seier Martin Bernsen i PST.

Foto: FOTO: PST

Politiets sikkerheitsteneste (PST) har hovudansvar for terrortrugslar, særleg mot sentrale myndigheitspersonar.

– Ein videosnutt i seg sjølv er ikkje ein trugsel, me fokuserer meir på om personane bak har ein vilje og kapasitet til å utøve vald, seier informasjonssjef i PST, Martin Bernsen, til NRK.no.

Berntsen meiner at gutar som lagar eksplosjonsvideoar ikkje er noko nytt, men at dei no har vorte meir realistiske.

– Det er ikkje straffbart å lage bilete av ein eksplosjon. Men har ein grunn til å tru at det ligg ein trugsel i videoen kan ein kontakte lokalt politi eller PST, så vert det opp til dei å vurdere, seier Bernsen.

Livaktig leikety

Pia Lang

Pia Lang i Medietilsynet Trygg bruk har sjølv vorte lurt av ein video frå Action Movie fx.

Foto: FOTO: Medietilsynet

Prosjektleiar i Medietilsynet Trygg bruk, Pia Lang, har sjølv vorte lurt av ein tilsvarande video. Den var filma frå innsida av ein bil i tunnel og spesialeffektar gjorde at det såg ut som om steinar raste frå taket.

– Dette er eigentleg eit veldig morosamt verkty, som både barn og vaksne kan nytte kreativt. Problemet oppstår når ein enkelt kan dele videoane og desse er så livaktige at dei kan mistolkast, seier Pia Lang i Medietilsynet Trygg bruk.

Ho oppfordrar folk til å tenkje seg om to gongar før dei nyttar videoane til ein spøk om at ein kan sprengje noko.

– Ein kan eventuelt leggje på ein forklarande tekst om korleis videoen er laga, seier Lang.

Pia Lang rår foreldre til å snakke med borna om kva konsekvensar ein slik video kan få dersom han vert misoppfatta.

– Det får ingen reelle konsekvensar, i kraft av at nokon vert fysisk skadd, men det kan belasta samfunnet dersom videoen leiar til unødige politiaksjonar, seier Lang.

Uheldig sak

Bernt Norvalls

Lensmann Bernt Norvalls seier at mange har leika seg med eksplosjonsvideoar etter politiaksjonen mot ein elev.

Foto: FOTO: PRIVAT

Politiet på Stord seier folk gjerne kan leike seg med eksplosjonsvideoar, men at ein bør unngå å dela dei på internett, slik at dei kan mistolkast.

– For oss var det av mindre interesse at videoen var av dårleg kvalitet, me var bekymra for bodskapen som låg bak, seier Bernt Norvalls lensmann i Stord lensmannsdistrikt.

Han legg til at heile saka utvikla seg uheldig. Konsekvensane for ungdomsskuleeleven vert eit enkelt møte i konfliktrådet.

– I ettertid har mange fleire leikt seg med å dela desse videoane, noko me ikkje har teke alvorleg sett i lyset av det som har skjedd, seier Norvalls.

– Me har ikkje har gjort oss opp ei spesiell meining om desse appane, skriv Oslo politidistrikts pressekontakt, Kristian Tønne Ski, i ein e-post til NRK-no.

Han legg til at på eit generelt grunnlag oppmodar politiet til å nytte sunn fornuft, òg på sosiale medier.

Sjå ein fiktiv videoeksplosjon her:

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)