Oslo Filharmoniske Kor øvar under koronapandemien
Foto: Sara Høines / NRK

Slik endra korona Kultur-Noreg

21 kulturfolk fortel om den nye kvardagen.

Medlemmene av Oslo Filharmoniske Kor må øve med 2 meters avstand, i eit lokale som er mange hakk for stort.

– Vi høyrer ikkje pianoet!, ropar nokon etter ei gjennomkøyring av dødsmessa som står på repertoaret.

Kulturlivet er hardt råka av koronakrisa. Rundt om i landet sit kulturarbeidarar med tomme lommebøker og kalendrar. Til saman er bransjen venta å tape 6 milliardar kroner i år, ifølgje ein rapport. Det utgjer nesten halvparten av inntektene.

Pandemien fører også til praktiske utfordringar i kultur-yrka og fritidsaktivitetane.

Over heile landet slit folk i kulturlivet med liknande problemstillingar som koret i Oslo. Vi spurte 21 av dei, frå Longyearbyen til Kristiansand:

Korleis har virket ditt endra seg med korona?

Anbefalt vidare lesnad: