Hopp til innhold

Irene og Jan Robin håpar alle gode ting er tre – satsar på at dei får gifte seg i år

To gonger har dei utsett bryllaupet på grunn av korona. No kryssar dei fingrane for at det blir bryllaup til sommaren.

Irene Flølo og Jan Robin Aaland

HÅPAR BRYLLAUP I ÅR: Irene Flølo, Adrian (13), Oscar (10), Isak (8) og Jan Robin Aaland.

Foto: Privat

Bryllaupskjolen var innkjøpt, gjestene inviterte. Lokala ordna og musikken innleigd. Men før dei rakk å bli smidde i hymens lenker slo koronaen til i mars 2020.

– Det var ikkje enkelt. Då koronaen kom var vi ferdig planlagde til eit bryllaup i Frankrike, seier Irene Flølo.

Dermed måtte bryllaupet utsettast. Neste dato var mai 2021. Kloke av skade var bryllaupet denne gongen planlagd heime på Byrkjelo, sidan utlandet viste seg å kunne vere eit usikkert kort. Men nok ein gong skulle koronaen velte planane til det vordande brudeparet.

– Då gjekk vi å venta på desse «trinna» for kor mange gjester vi kunne ha. I tillegg ville vi ha bryllaupet heime i våre eigne lokale, men det var heller ikkje lov, seier Flølo.

Håpar på lettingar

I kveld kjem regjeringa med nye tilrådingar for korona. Regjeringa planlegg som kjent store lettingar i koronatiltak som skal presenterast på ein pressekonferanse klokka 19.

– Vi er veldig spente på kva som kjem på pressekonferansen i kveld. Eg har eit lite håp om at det skal går i år.

For det er mykje som skal planleggast til eit bryllaup. Det veit alle som har prøvd. For Irene og Jan Robin blir det no tredje gongen dei planlegg det same bryllaupet.

– Det var ein stor nedtur då vi måtte utsette for andre gong. Det er mykje jobb å skulle flytte på alle avtalar. Det er ikkje så enkelt å skulle finne ein ny dato som passar for alle.

Håpar 2022 blir bryllaupsåret

Linn Røen og ektemannen Joakim Rudebjer gifta seg i august 2020, men halvanna år etter har det framleis ikkje vorte bryllaupsfest. Paret frå Samnanger planla for ein ny fest i 2021, men heller ikkje då kunne dei samle familie og venner.

Linn Røen og ektemannen gifta seg i august 2020

BRYLLAUP: Linn Røen og ektemannen Joakim Rudebjer rakk å gifte seg i 2020, men bryllaupsfesten måtte utsettast.

Foto: Ana Vukovic / Ana Vukovic

No er planen å ha bryllaupsfesten til sommaren, men Røen vågar ikkje ha store forhåpningar til kveldens pressekonferanse.

Vi har vorte vande til at ting endrar seg fort, så vi ventar nok litt med å la pressekonferansen bestemme noko for vår del, seier ho.

Restriksjonane har påverka både jobb og fritid, då Røen sjølv jobbar som bryllaupssongar.

Vi håpar og trur 2022 skal bli bryllaupsåret – med mykje song, glede og endeleg feire kjærleiken skikkelig , seier ho, og legg til:

Men vi tek det som det kjem og gjer det beste ut av det.

Ikkje åleine

Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at frå 2019 til 2020 gjekk talet på inngåtte ekteskap ned med 3704. Det er grunn til å tru at i desse tala er mange korona-utsette ekteskap.

Irene Flølo

FRAM I LYSET: I år håpar ho at ho endeleg skal få bruke brudekjolen ho kjøpte for fleire år sidan.

Foto: Privat

Tilbake på Byrkjelo heng brudekjolen i skapet til Irene Flølo, der den har hange i to år.

– Vi er samde begge to om at vil gjennomføre det. Det er litt kjekt å få ha bryllaupet heime. Familie og ungar har gledd seg, og så er det den brudekjolen då som framleis heng her. Så det sit langt inne å ikkje skulle arrangere i det heile, seier Flølo.