78987715
Foto: Popperfoto via Getty Images

Meir enn berre ein machomann

Forfattaren Ernest Hemingway elska tyrefekting, boksing og drakk med to hender. Men skjuler det seg noko meir bak mytane?

Ein julidag i 1987 spring Jo Nesbø for harde livet ned gatene i den spanske byen Pamplona. På dette tidspunktet er han korkje vidkjent musikar eller forfattar. Han er 27 år gammal, nyutdanna siviløkonom og livredd.

Like bak han kjem nemleg ein flokk illsinte oksar i rasande fart.

Unge herr Nesbø høyrer klauvene trampe mot brusteinane, dei tunge dyra pustar og pesar han i nakken, rundt han spring hundrevis av kvitkledde spanjolar med raude skjerf som hovudlause høns.

San Fermin

OKSELØP: Kvart år reiser tusenvis av menneske frå heile verda til Pamplona for å delta i det segnomspunne okseløpet under San Fermin-festivalen. PS: Nesbø er ikkje med på dette bildet.

Foto: PABLO SANCHEZ / REUTERS

Gjennom historia har 16 personar mista livet i det tradisjonsrike okseløpet i Pamplona; hundrevis har blitt alvorleg skada. Nesbø er sjølvsagt klar over dette, men set likevel livet på spel i det myteomspunne spanske okseløpet.

34 år seinare, i tryggare omgivnadar:

Kvifor sprang du med oksane, Nesbø?

– Eg las romanen «Og solen går sin gang» av Ernest Hemingway som 18-åring. Då fekk eg veldig lyst til å delta i okseløpet.

Jo Nesbø (FOTO: NRK)

Hemingway skreiv boka på 1920-talet. Ho handlar om ei gruppe unge vaksne frå «den fortapte generasjonen», som etter den første verdskrigen var utan retning i livet, fylt av arr på kropp og sjel. Dei reiser difor til Pamplona for å ruse seg og sjå på okseløp og tyrefekting.

Ernest Hemingway har vore millionar av ungdomar sitt første møte med «ordentleg litteratur». Jo Nesbø var inkje unntak. Som gutunge hadde han slukt bøkene om cowboyhelten Morgan Kane. Han kjente igjen den same «macho»-sjargongen i «Og solen går sin gang».

– Eg las den boka om og om igjen, seier Nesbø. Då var eg mest fascinert av myten Hemingway, den kompromisslause kunstnaren.

Machomannen

Hemingway - stemningsbilde - NRK TV

Ernest Hemingway vann Nobelprisen i litteratur i 1954, og er ein av dei mest kjende forfattarane i verdshistoria.

Han utvikla ein stil å skrive på som har blitt kjent som «isfjell-teorien». Stilen legg opp til at ein må lese mellom linjene. Forfattaren viser berre toppen av isfjellet, resten må lesaren tenkje seg fram til sjølv.

Det klassiske dømet er denne korte historia (som ifølge tradisjonen vart skriven av Hemingway). Ho har berre seks ord, men lesaren kan likevel ane eit dramatisk bakteppe. Kvifor vart babyskoa aldri brukt?

«For sale: Baby shoes, never worn»

Professor i amerikansk litteratur, Nils Axel Nissen, meiner det er vanskeleg å overvurdere kor stor påverknad Hemingway har hatt på andre forfattarar dei siste hundre åra.

– Det er nesten latterleg å peike ut nolevande forfattarar som er påverka av han – fordi alle er på sett og vis påverka av Hemingway. Det har nærmast blitt einerådande at lesaren skal vere ein aktiv medskapar i teksten, seier Nissen.

Nils Axel Nissen (Foto: Universitetet i Oslo)

Mange vil likevel hevde at myten om forfattaren kanskje er enda meir kjent enn bøkene hans.

Hemingway har nemleg rykte på seg for å vere ein av dei mest mannete mannemennene som nokon gong har vandra på jorda.

Forfattaren boksa, elska tyrefekting og drakk med to hender. Han jakta løver og nashorn på steppene i Afrika og tyske ubåtar i Mexicogolfen.

Hemingway

MANNEMANN: Ernest Hemingway var glad i å bokse, og utfordra gjerne andre forfattarar i ringen.

Foto: AP

Hemingway var ambulansesjåfør under den første verdskrigen, og vart stygt skada av ein granat medan han delte ut sjokolade til italienske soldatar.

Under den andre verdskrigen var han korrespondent i Europa. Ifølge Genèvekonvensjonen var det strengt forbode for journalistar å delta i krigsaktivitet. Men trur de Hemingway brydde seg om det? Nope.

Han vart venn med generalane, og nytta kjendisstatusen sin til å få lov til å kjempe mot nazistane i både Frankrike og Tyskland.

Hemingway

EIN GAMMAL SOLDAT: Ernest Hemingway var 45 år gammal då han fekk lov til å delta i den andre verdskrigen. Her er han saman med amerikanske soldatar på veg til D-dagen i Normandie, 6. juni 1944.

Foto: Central Press / Getty Images

Det bør også nemnast at Hemingway har vore med i ein flykrasj i jungelen – og overlevd.

(Ok, det siste der var berre tull. Han har ikkje berre vore med i ein flykrasj, men to. På to dagar. Han overlevde det siste også, men hovudet fekk seg ein kraftig smell, som skulle kome til å prege han resten av livet.)

Forresten, ein ting til: Han var også uheldig og skaut seg sjølv i foten då han skulle drepe ein hai med pistol frå båten sin utanfor Key West.

Hemingway - 5

PÅ SJUKEHUSET: Ernest Hemingway var ein ulykkesfugl, og fekk fleire alvorlege hovudskadar. Desse skulle prege psyken hans, spesielt mot slutten av livet. På dette bildet frå 1944 er han på eit sjukehus i London etter ei bilulykke.

Foto: TV-DOKUMENTAREN HEMINGWAY

Det har blitt skrive tusenvis av sider om Hemingways innhaldsrike liv, i tillegg til fleire filmar og seriar. Sist i rekka er den høgt prisa dokumentarfilm-skaparen Ken Burns, som har laga ein seks timar lang dokumentarserie om den populære forfattaren. I år er det 60 år sidan han døde. (I sommar ligg alle episodane i NRK TV under «Dokusommer».)

I serien prøvar Burns å grave seg fram til mannen bak alle røvarhistoriene. Var han meir enn berre ein machomann?

Vald og kvinnesyn

Hemingways tekstar er sterkt inspirert av eige liv, og handlar difor mykje om krig, tyrefekting, djupvassfisking og alkohol.

I tillegg har dei alle ein god dose romanse. Forfattaren var jo også ein storsjarmør; han gifta seg fire gongar.

Hemingway Gellhorn

SJARMØR: Hemingway med si tredje kone, Martha Gellhorn. Paret var gift frå 1940 til 1945. Gellhorn var ein anerkjend krigsreporter som besøkte konfliktområde over heile verda.

Foto: AP

Dei siste åra har fleire amerikanske litteraturvitarar hevda at Hemingway er passé, at tematikk, skildringar og kjønnsrollemønster i tekstane hans ikkje har tolt tida si tann. Særleg maskuliniteten har blitt kritisert.

Han har blitt skulda for å glorifisere vald og for å berre skildre kvinner som anten svake og underdanige eller sterke og kåte.

I Noreg har professor Nils Axel Nissen fjerna Hemingway frå pensum i amerikansk litteratur på Universitetet i Oslo.

– Det er litt rart, men det betyr vel berre at andre forfattarar har tatt plassen hans. Hemingway representerer nok ein del verdiar som vi har bevegd oss ganske langt vekk frå, i alle fall når det kjem til mannsrolla, seier Nissen.

SPAIN HEMINGWAY CENTENNIAL

DRITINGS: Ernest Hemingway på ein bar i Pamplona. Det finst inga eksakt oversikt over alle barane rundt om i verda som påstår at dei har hatt besøk av forfattaren, men det er snakk om svært mange.

Foto: AP

Professoren meiner likevel at det ligg mykje meir i Hemingway enn det ein skulle tru ved første augekast. Veldig mykje meir.

Skeive Hemingway

Då Nils Axel Nissen skulle fullføre doktorgraden sin i 1996, måtte han ha ei prøveforelesing ved Universitetet i Oslo. Han ønskte å kaste nytt lys over ein kjent forfattar, og valde seg «Og solen går sin gang» (om oksane i Pamplona) av Ernest Hemingway.

Nissen er homofil, og var nysgjerrig på kva han ville finne om han las ein av dei mest macho forfattarane han visste om – med «skeive» briller. På 1990-talet var homofili i litteraturen svært lite forska på.

Var det mogleg å finne skeiv kjærleik hos mannemannen Hemingway?

3V6MuCBdNDk

SKREIV DENNE MANNEN OM SKEIV KJÆRLEIK? Det ville Nils Axel Nissen utforske som ung litteraturstudent på 90-talet.

Foto: EARL THEISEN / AP

Hovudpersonen i «Og solen går sin gang», Jake Barns, har ein ubestemmeleg skade i lysken, som gjer at han ikkje kan få barn. Det blir aldri ordentleg forklart kva det er som feilar han, og den tradisjonelle tolkinga er at romanfiguren har blitt fysisk skada i krigen.

– Men kva om det ikkje er snakk om nokon skade, men heller ei unnskyldning for å ikkje vere intim med kvinner?

Det var denne hypotesen Nissen la fram under prøveforelesinga i 1996. Han la merke til at fleire av dei eldre litteraturprofessorane i auditoriet sat med hovudet i hendene. Dette var ei radikal tolking – men Nissen hadde fleire argument på lager for å støtte teorien.

I ein dialog i boka fortel Jake Barns at han har hatt ei ulykke. Då svarar kameraten at han ikkje må snakke om det, at det berre må vere eit mysterium – som Henrys sykkel.

Nissen meiner «Henrys sykkel» er ei referanse til den homofile forfattaren Henry James, som skada ryggen som 18-åring, og som brukte dette som ei unnskyldning for at han aldri gifta seg.

– Jake Barns er også tilsynelatande forelska i ei kvinne som er veldig androgyn. Ho er promiskuøs, gjer som ho vil, og oppfører seg som ein mann, forklarar Nissen.

Hemingway og Mary Welsh

ANDROGYNE HEMINGWAY: Ken Burns dokumentarserie utforskar Hemingways kompliserte forhold til kjønnsroller. Som barn brukte mor hans å kle han opp i dameklede. Ifølge den fjerde kona hans, Mary Welsh, likte Hemingway å late som at han var ei kvinne i senga.

Foto: AP

I nyare tid har det blitt skrive fleire artiklar som støttar Nissens teori om at Hemingways romanfigur kan vere homofil.

Vi vil nok aldri vite sikkert om forfattaren meinte å skrive fram ein skeiv hovudperson. I så fall ville det vore ein fullstendig banebrytande ting å gjere på 1920-talet. Men heilt utypisk hadde det uansett ikkje vore.

Hemingway var tidleg ute med å skrive om fleire kontroversielle tema i si samtid – i novellene sine.

Abort og valdtekt

Forfattaren Tove Nilsen har hatt kvinnefrigjering som eit sentralt tema i bøkene sine sidan 1970-talet.

Kan ho likevel vere fan av machomannen Hemingway?

Tove Nilsen (Foto: NRK)

– Fan? Det blir litt rart å seie om ein forfattar, men eg har levd med å lese Hemingway heile livet. Eg kjem tilbake til novellene hans om og om igjen, seier Nilsen.

Ho trekk fram novellene «Katt i regnvær» og «Åser som hvite elefanter» som spesielt gode.

– Dei riv vekk eit kvart grunnlag for å kalle forfattaren ein machomann. Det er veldig følsame tekstar. Om eg ikkje visste kven som hadde skrive dei, kunne eg tru at dei hadde blitt skrive av ei kvinne.

Hemingway - 1

KONSENTRERT: Hemingway er kjent for å skrive om setningane sine igjen og igjen, gjerne fleire titals gongar, til han meinte dei sat perfekt.

Foto: TV-DOKUMENTAREN HEMINGWAY

«Åser som hvite elefanter» vart skrive på 1920-talet og handlar om eit par som står på ein togstasjon og snakkar om at kvinna skal ta abort. Rundt den same tida skreiv han også novella «Oppe i Michigan», som handlar om ein mann som valdtar ei kvinne, sett frå kvinna sitt perspektiv.

Novellene skapte sterke reaksjonar då dei først kom ut. Forfattarkollegaen hans Gertrud Stein meinte at han ikkje kunne gi ut «Oppe i Michigan» – folk var ikkje klar for å lese om slikt. Hemingway var 22 år gammal då han skreiv novella i 1921, men ho vart ikkje gitt ut i USA før i 1938.

Heltebildet slår sprekker

Den 2. juli 2021 er det 60 år sidan Ernest Hemingway tok sitt eige liv. Han døde i heimen sin i Ketchum, Idaho, 61 år gammal.

Sjølvmordet forsegla myten om Hemingway som ein mystisk kunstar som ikkje lenger følte seg heime i denne verda. Men sanninga er at forfattaren var alvorleg psykisk sjuk, dels på grunn av alvorlege hovudskadar, depresjonar og eit skyhøgt alkoholforbruk.

Hemingway vart ei superstjerne lenge før han vart 30 år gammal, og dei mest kritikarroste verka hans (med unntak av Nobelpris-romanen «Den gamle mannen og havet») skreiv han i 20-åra.

Dei neste 30 åra brukte han mykje av tida si på å skape rollefiguren Ernest Hemingway – som ein slags heltemodig skikkelse i sitt eige liv.

3227502

STJERNESKOT: Hemingway skreiv både romanane «Og solen går sin gang» og «Farvel til våpnene» før han vart 30 år gammal. I tillegg skreiv han ei lang rekke kritikarroste noveller.

Foto: Hulton Archive / Getty Images

Tove Nilsen innrømmer at ho ikkje tør å lese romanen «Klokkene ringer for deg» (som handlar om den spanske borgarkrigen) på nytt, i frykt for at boka ikkje skal vere like bra lenger.

Jo Nesbø tok derimot sjansen på å lese smuglar-romanen «Den ene mot de mange» for eit par år sidan. Han vart skuffa.

– Det er det som er faren med å lese gamle heltar. Eg delte opplevinga med ein redaktør eg kjenner. Ho svara med å seie at «Hemingway først og fremst er ein ung manns forfattar», seier Nesbø.

Dei kortare tekstane vender han derimot tilbake til igjen og igjen. I desse dagar jobbar han med å ei ny novellesamling; han lar seg inspirere av det som ifølge han sjølv er dei tre store novelleforfattarane: Anton Tsjekhov, Kjell Askildsen og Ernest Hemingway.

Men kva med myten Hemingway? Mannen som lokka Nesbø til Pamplona for over 30 år sidan?

Hemingway

I AFRIKA: Ernest Hemingway på løvejakt i Kenya, 1952. NB: Mange lar seg inspirere av Hemingways grenselause liv, men å ta livet av eksotiske afrikanske dyr er ikkje det smartaste ein kan finne på i dag. (Det var forresten heller ikkje særleg smart på 50-talet.)

Foto: Earl Theisen Collection / Getty Images

Nesbø har vore fleire gongar tilbake i den spanske byen. Han har til og med sprunge på nytt igjen med oksane. Under siste besøk kom han i kontakt med nokre av dei gamle tyrefektingsentusiastane. Dei som hugsar Hemingway frå då han brukte å besøke byen.

– Dei stakk hol på bildet mitt av Hemingway, for då eg spurte dei om korleis han var, svara dei: «Ernest Hemingway var ein skrytande alkoholisert amerikanar som ikkje hadde peiling på tyrefekting. Men han har vore veldig bra for turismen her i Pamplona.»

Sjå dokumentarserien om Hemingway her.

Hemingway - key bredde - NRK TV

Anbefalt vidare lesing:

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel! Sjekk gjerne ut saka eg skreiv om Gaspar, som trassa bandittar og landminer for å finne eit heilt spesielt tre i Bosnia.