Kristine Frøseth 2
Foto: Jamie Ellington / NRK

Håp frå Alaska

Kristine Frøseth (24) har allereie erobra moteverda. No er ho i ferd med å gjere det same med Hollywood.

Den siste tida har Kristine ofte blitt stoppa av folk på gata.

Nokre av dei har mista nære venner. Fleire har gått gjennom djup sorg. Mange fortel at Kristine har gitt dei håp.

På grunn av rolla hennar som Alaska i TV-serien «Looking for Alaska» har dei følt seg mindre aleine med følelsane sine.

– Det har vore utruleg mektig og rørande, seier Kristine.

Den 24 år gamle skodespelaren frå Drøbak snakkar engasjert over telefonlinja frå leilegheita i Brooklyn. Etter ein periode med mykje engelsk, får ho endeleg snakke morsmålet sitt igjen.

– Det er så sjukt merkeleg å snakke norsk, seier ho og ler.

Gjennom oppveksten har ho flytta fram og tilbake mellom Noreg og USA, på grunn av bankjobben til faren. No bur ho fast i New York og er aktuell med si hittil største rolle.

«Looking for Alaska» er basert på John Greens roman med same namn, og er produsert av skaparane bak tenåringsseriane «The O.C.» og «Gossip Girl». I Noreg går serien på HBO Nordic.

Med første augekast kan det verke som ein typisk amerikansk «highschool flick». Men han tar også for seg alvorlege tema som sorg, depresjon og sjølvmord.

Kristine har hausta mange lovord for rolla. I oktober kom ho også med på det amerikanske magasinet Elle si liste over «ni stjerneskot du snart kjem til å sjå overalt».

Kristines prestasjon i «Looking for Alaska» kjem garantert til å opne fleire dører i Hollywood.

Marte Hedenstad / Filmpolitiet, NRK P3

For nokre få år sidan hadde den spådomen vore heilt absurd. Det er ikkje lenge sidan ho aldri hadde spelt ei einaste rolle som skodespelar.

Ikkje ein gong barneteater.

Kristine Frøseth

BROOKLYN: Kristine Frøseth bur i bydelen Brooklyn i New York. Med behageleg avstand til skyskraparane på Manhattan.

Foto: Jamie Ellington / NRK

Du tenkte aldri at du skulle bli skodespelar då du var yngre?

– Aldri! Eg var skikkeleg sjalu på dei som gjekk drama, men turte ikkje å melde meg på sjølv. Eg hadde inga aning om korleis ein skulle kome seg inn i Hollywood.

Det er nok svært få ungdomar som eigentleg veit korleis dei skal kome seg inn i Hollywood. Men Kristine klarte det, utan noka skodespelarerfaring.

– Flaks og timing, seier ho audmjukt.

Det skal likevel seiast at før Kristine vart filmstjerne, hadde ho allereie jobba hundrevis av timar framfor kamera.

Frå Ski til Alaska

Kristines historie startar på ein noko ukonvensjonell stad: Ski storsenter.

Våren 2010 arrangerte kjøpesenteret utanfor Oslo open «catwalk-audition». 14 år gamle Kristine fekk også prøve seg. Med sine 170 cm var ho eigentleg litt for låg til å bli modell. (Idealhøgda for catwalk-modellar er ofte rekna å vere mellom 177–180 cm.) Men speidarane blant publikum såg likevel stort potensial.

Kristine fekk kontrakt med modellbyrået Heartbreak. Eit år seinare fekk ho sitt første oppdrag utanlands i Milano. Sidan har ho pryda magasinframsider over heile verda. Ho har vore modell for Armani, Prada, og ambassadør for det franske motehuset Chanel.

Kristine Frøseth

«STRIKE A POSE»: Kristine Frøseth har blitt eit STORT namn i moteverda. Tidlegare i år stod ho på gjestelista til verdas gjævaste kjendisfest: Met-gallaen i New York.

Foto: Jamie Ellington / NRK

I 2015 dukka det opp ein ny type førespurnad. Ein regissør leita etter nokon som kunne spele tittelrolla i «Looking for Alaska». Kanskje Kristine kunne tenkje seg å prøvespele?

– Eg hadde jo ikkje peiling på skodespel eller kva det ville seie å kome på audition.

Ein ho derimot hadde veldig god peiling på, var rollefiguren Alaska.

Gissel og kultmedlem

Kristine las boka «Looking for Alaska» for første gong då ho gjekk på ungdomsskulen. 13-åringen forelska seg i John Greens debutantroman og las han fleire gongar.

– Alaska var magisk. Når ho kom inn i eit rom, stoppa alle for å høyre kva ho hadde å seie. Ho var så utruleg mykje som eg ønska å vere, samtidig som eg følte at vi var like på innsida.

Kort fortalt handlar boka om guten Miles som flyttar for å begynne på internatskule i Alabama. Der møter han den kule og tilsynelatande sjølvsikre jenta Alaska, som han sjølvsagt blir stormforelska i.

Det skal derimot vise seg at Alaska ikkje har det like bra som ho først gir uttrykk for. Inni seg har ho eit stort mørkt hol, som ho ikkje tør å vise til nokon. Ikkje ein gong sine aller nærmaste.

LOOKING FOR ALASKA

MILES OG ALASKA: Charlie Plummer og Kristine Frøseth spelar hovudrollene i TV-serien «Looking for Alaska».

Foto: Alfonso Bresciani / Hulu

John Green er ein av verdas mest kjende forfattarar av ungdomslitteratur. Bøkene hans har selt i fleire titals millionar eksemplar. Ei filmatisering av debutantboka hadde lege i korta lenge.

Då forfattaren fekk sjå auditionvideoen til Kristine, vart han mektig imponert.

– Kristine såg Alaska frå innsida. Ho klarte å fange både smerta, sårbarheita og korleis ho tar på seg ei rolle når ho er rundt andre folk, sa John Green til motemagasinet Elle i oktober.

Kristine var i ferd med å lande draumerolla.

Men så vart prosjektet plutseleg sett på vent. Slikt som av og til skjer når produksjonane har så store budsjett.

Heldigvis hadde ballen allereie begynt å rulle. Ho hadde fått seg manager i Statane, og fleire oppdrag var i kjømda.

Først i køen stod den kanadiske popstjerna The Weeknd, og musikkvideoen «False alarm». Over 250 unge kvinner prøvespelte rolla som gissel i eit blodig bankran. Kristine trakk det lengste strået. I skrivande stund er videoen sett over 150 millionar gongar på Youtube.

«FALSE ALARM» Eit blodig bankran. Ei heseblesande biljakt. Eit gissel som overlever alle ranarane og som stikk av med pengane til slutt. Det er oppskrifta i musikkvideoen som er filma som eit førstepersons skytespel.

I tillegg har Kristine spelt i fleire filmar og seriar på Netflix:

Som kultmedlem i skrekkfilmen «Apostle».
Som «mean girl» i komedien «Sierra Burgess is a loser».
Som tenåring på klasseturen frå helvete i den dystopiske dramaserien «The Society».

– Eg vel ikkje auditionar ut ifrå sjanger eller ein spesiell type rollefigur. Det handlar meir om at eg må føle det i hjartet. Om det kjem roller som er veldig motsett av meg, så får eg lyst til å utfordre meg sjølv, forklarar Kristine.

Nokre roller kjenner ho seg likevel meir igjen i enn andre. Det fekk ho erfare då «Looking for Alaska» endeleg vart sett i gang i 2018.

«The new girl»

Kva er det med Alaska du kjenner deg igjen i?

– Ho gøymer seg bak ein fasade fordi ho ikkje stolar på seg sjølv. Då eg var yngre, flytta eg mykje fram og tilbake mellom Noreg og New Jersey, og var heile tida «the new girl». Det var veldig vanskeleg å finne ut av kven eg var, fordi eg stadig prøvde å passe inn, forklarar ho.

Boka og serien «Looking for Alaska» har to store forskjellar:

Heile handlinga i boka blir skildra gjennom den mannlege hovudpersonen sine auge. Alaska blir difor verande mystisk. Skildringane av ho blir også tidvis prega av å kome frå ein hormonell forelska tenåring.

I serien blir vi mykje betre kjent med Alaska. Vi får bli med ho aleine inn på rommet, på besøk til kjærasten, i samtale med andre vennar og lærarane på skulen.

LOOKING FOR ALASKA

PÅ SKULEBENKEN: – Det var skikkeleg merkeleg å vere tilbake igjen i klasserommet med læraren. Å setje seg tilbake til tida då alt var livet eller døden. Å kjenne på dei følelsane igjen var fint, men også utruleg skummelt, seier Kristine.

Foto: Alfonso Bresciani / Hulu

– Det var viktig for meg å vise kvifor ho oppførte seg slik som ho gjorde. Ho går gjennom så utruleg mykje og det er mange ting som boblar under overflata. Så eg håpar ein kan sjå det litt betre i serien, at ho slit.

Sjølv om boka og TV-serien er to sjølvstendige verk, er det liten tvil om at John Green også har vore tungt innblanda i serien. Før opptaka starta, tok forfattaren med Kristine og den mannlege hovudrolla til Alabama for å vise dei internatskulen han sjølv gjekk på. Boka er nemleg svært sjølvbiografisk.

– Det må vere vanskeleg for han å ha denne personlege historia, og berre gi ho vekk slik. Han var innom fleire gongar når vi filma, og gret heile tida på sett. mykje betydde det for han. Han var så god, seier Kristine hjarteleg.

«Looking for Alaska» har inga lukkeleg avslutning. Det var ikkje openbert at boka og serien skulle gi så mykje håp til så mange. Noko av grunnen handlar nok om samtalane og tankane som blir sett i gang hos lesarane og sjåarane i ettertid.

Både Green og Frøseth snakkar ofte om psykisk helse i sosiale medium. Kristine sine 1,2 millionar følgjarar på Instagram kan sjå at ho stadig postar innlegg om temaet. Etter serien kom ut, har ho også fått svært mange personlege helsingar frå fansen.

– Eg får mange meldingar på Instagram heile tida. Eg håpar det held fram, for det har vore skikkeleg fint.

Vegen vidare

Kristine jobbar med å bli ein betre skodespelar kvar dag. I løpet av dei siste åra har ho også plukka opp fleire teknikkar for å sette seg inn i rollene ho skal spele.

– Eg pleier alltid å lage ei speleliste for rolla. Eg ser for meg korleis ho går og snakkar, så prøver eg å stå opp og gå gjennom dagen som den rollefiguren. Andre gongar ser eg på filmar som eg føler er i same univers.

Er det nokre spesielle skodespelarar du plukkar opp ting frå?

– Eg såg eit intervju i går på «Actors on actors». Der snakka Shia LaBeouf om hendene sine. At alt begynner med hendene til rollefiguren. Sånne små detaljar gjer ein stor forskjell.

Forventningane er store til Kristines neste rolle i Hollywood.

For tida trenar ho seg opp til ei ny film som begynner innspeling i februar 2020. Utan at ho får lov til å røpe detaljar. I april går ho også i gang med filming av sesong to av «The society» på Netflix.

For John Green derimot, vil ho nok alltid vere Alaska.

Kristine Frøseth
Foto: Jamie Ellington / NRK

Anbefalt vidare lesing: