Hopp til innhold

Blei kalla «rein gift»- no kjem den usensurerte utgåva

Etter 120 år kan vi endeleg lese «Bildet av Dorian Gray» slik Oscar Wilde skreiv den. Men kritikarane stridast om den usensurerte originalversjonen er betre enn dei sensurerte utgåvene.

BRITAIN

Førsteutgåva av 'Picture of Dorian Gray' frå 1891 blir presentert på auksjon i London. Denne og alle seinare utgåver var sensurert, men no får vi endeleg lese boka slik Oscar Wilde opprinneleg skreiv den.

Foto: TOBY MELVILLE / REUTERS

Den vart sett ned på i si samtid og brukt som rettsbevis mot forfattaren, men er i dag «ein klassikar» og blir brukt i klasserom over heile verda.

«Bildet av Dorian Gray» vart tatt til inntekt for Oscar Wildes homofile legning og sensurert både av forfattar og forlag. No får vi endeleg vite kva Wilde eigentleg skreiv i sin einaste roman.

Forfatter Oscar Wilde.

'Bildet av Dorian Gray' er Oscar Wilde si mest kjende bok og blir rekna som ein klassikar.

Foto: Wikimedia Commons

Det amerikanske forlaget Harvard University Press står bak utgivinga av det usensurerte originalmanuskriptet med ein fyldig introduksjon til både forfattaren og dei ulike versjonane. Boka fins nemleg i fire ulike sensurerte versjonar.

– Ei giftig bok

Då romanen kom ut første gong, i eit litterært tidsskrift, hadde redaktøren reinska bort 500 upassande ord. Det gjorde ikkje kritikken av den mindre krass - boka vekte oppsikt og vart karakterisert som «vulgær», «rein gift», «usunn» og «sjuk».

«Det er ei historie med utgangspunkt i den spedalske litteraturen til dei franske dekadente - ei giftig bok», skreiv The Daily Chronicle.

Boka handlar om den svært så forfengelege Dorian Gray, som står modell for venen og målaren Basil Hallward. Det viktigaste for dei er estetiske ideal om venleik og evig ungdom. Dorian ønskjer seg at portrettet av han eldast, medan han forblir evig ung. Men venleiken forandrar han til eit monster, som viser igjen i biletet. Rynkene i måleriet veks fram, medan han forblir ung og vakker.

Etter den harde kritikken av den første utgåva sensurerte Wilde romanen til det vi kjenner den som i dag. No kan ein få klarleik i kva som blei sensurert:

Det er sant at eg har tilbedd deg med meir romantiske kjensler enn ein mann burde føle overfor ein ven. Eg har aldri elska ei kvinne.

Usensurert Basil Hallward i "Bildet av Dorian Gray"

blei til:

Frå den augneblinken eg traff deg, hadde du den mest ekstraordinære påverknanden på meg.

Sensurert Basil Hallward i "Bildet av Dorian Gray"

– Eit praktverk

Den nye versjonen får toppkarakter i Politiken. «Vi snakkar om eit lite praktverk, både i homo- og litteraturhistorie, fylt med fine illustrasjonar. Wildes originale tekst framstår, trass alt, meir subversiv enn den vi hittil har kjent», skriv kritikaren.

Brooke Allen, som melder bøker for nettstaden til Barnes & Noble, er derimot ikkje begeistra for originalutgåva.

«Noko av Wilde sitt originale materiale forsvann i dei sensurerte utgåvene, men mykje godt kom ut av det også. Originalversjonen, som er ein skatt for studentar og alle som er opptatt av Wilde, 1890-talet og estetisme, burde vere eit ekstra supplement til dei andre versjonane, ikkje ei erstatning», skriv ho, ifølgje The Guardian.

Redaktør i Harvard University Press, Nicholas Frankel, har uttalt at «Tida er moden for å offentleggjere romanen i si usensurerte form. Det er den versjonen av romanen som Wilde ville vi skulle lese i det 21. århundre. Eg har tatt den ut av skapet».

Les også: Litterære «one-hit wonders»

Homoerotiske referansar

Oscar Wilde vart uglesett etter boka kom ut og dømt for seksuelle forbrytingar, fordi han var homofil. Han sat to år i fengsel og «Bildet av Dorian Gray» vart brukt i rettssaka mot han.

Det er særskilt forholdet mellom Dorian og Basil som kan tolkast som eit homofilt forhold.

Usensurert versjon

'The picture of Dorian Gray' - slik Oscar Wilde opprinneleg skreiv den.

Foto: Harvard University Press

Samlaget ga ut den første norske versjonen i 1923. Sidan har både Kagge forlag og Gyldendal gitt ut andre oversettingar. Oversettarane Kjell og Kari Risvik stod bak 2004-versjonen på Kagge forlag.

– Boka var kontroversiell fordi dei homoerotiske referansane var lette å gjennomskode. Det var ikkje noko ein skreiv om på denne tida, det vart sett på som ei forbryting å forderve folk med slikt. Det var viktig å skåne dei unge viktorianske kvinnene og ikkje gi dei lumre forestillingar, seier Kjell Risvik til NRK.no.

Blir sett på som klassikar

Wilde skreiv ikkje noko om seg sjølv i boka, så det er uklart korleis boka vart brukt som bevis i rettssaka. Skildringane er heller ikkje veldig direkte, ifølgje Risvik.

– Språket er veldig effektivt og moderne, han held ein munnleg og flanerande tone som skil seg frå mykje av det andre frå samtida. Wilde var jo ein formidabel konversasjonspartner, fortel Risvik.

Han trur dei klassiske bileta om venleik, moral og estetiske ideal kan vere noko av grunnen til at boka blir sett på som ein klassikar.

Boka er filmatisert fleire gongar og mange av frasene i den har gått inn i det engelske språket. Det er på dette tidspunktet usikkert om forlaga Kagge, Gyldendal eller Samlaget vil oversette originalversjonen til norsk.

BRAGEPRISENE

Kjell og Kari Risvik har oversatt 2004-versjonen av 'Bildet av Dorian Gray'. Her frå 2006, då dei fekk Brageprisen for oversetting.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.