Hopp til innhold

Wagner for dummies

Likar du lyden av klassisk musikk, men veit ikkje kvar du skal starte? Richard Wagner kan by på gigantisk orkestermusikk med dramatiske historier.

Richard Wagner i 1862

Richard Wagner i 1862.

Foto: Ludwig Angerer, via Wikimedia Commons

Den klassiske musikktradisjonen består av eit mylder av komponistar. «Klassisk for dummies» presenterer fem komponistar som stod for heilt unike musikalske bragder, med kommentarar frå NRK sin klassiskekspert Ragnhild Veire.

Henta inspirasjon frå norskekysten

Det var lite som var enkelt for Richard Wagner (1813-1883) – han var usikker på kven som var faren hans, han flytta stadig rundt i Europa på flukt frå mislukka revolusjon eller gjeldsfengsel og hadde eit nokså komplisert kjærleiksliv. Likevel skulle han verte ein av dei mest nyskapande kunstnarane gjennom tidene.

Inspirert av Beethoven sin niande symfoni, der han har med kor, meinte Wagner at den reine instrumentalmusikken hadde utspelt si rolle, og ville med ei ny operaform samle alle kunstformer i eit Gesamtkunstwerk; litteratur, musikk, malarkunst, teater og dans.

Ein tidleg suksess var operaen «Den flygande hollender», mellom anna inspirert av ein storm han opplevde utanfor norskekysten. Wagner skreiv i all hovudsak opera, og ein serie suksessar på 1840- og 1850-talet toppa seg med fullføringa av operatetralogien Niebelungenringen i 1874.

Høyr byrjinga av operaen «Den flygande hollender»:

(Spelt av New York-filharmonien, dirigert av Giuseppe Sinopoli)

Musikalsk representerer han seinromantikken (ca. 1850–1910), og den viktigaste milepælen var forspelet til operaen Tristan og Isolde (1859), der han opnar døra på gløtt mot atonal musikk, med dissonans-akkordar som ikkje blir forløyste slik det hadde vore vanleg til då.

Høyr Tristan og Isolde-forspelet:

(Spelt av Oslo-Filharmonien, dirigert av Mariss Jansons)

– Ein kan blil heilt oppslukt av hans sære historier

– Wagner sin musikk er kjenneteikna av å vere grensesprengande, seier Ragnhild Veire.

– Kva for andre komponistar er det som greier å fordreie tidsfølelsen og forføre oss med erotiske og storslagne klangar gjennom fem timers operaer – utan at vi føler oss lurt etterpå? Berre fortumla og berika? Når han attpåtil greier det utan å lesse på med stadig nye temaer og harmoniar, men spinn rundt nokre få harmoniske idear i timevis – då har vi med eit musikkdramatisk geni å gjere.

– Faren ved Wagner sin musikk er at ein kan miste seg sjølv, og bli heilt oppslukt av hans nokså sære historier om heilage gralar, elskande som oppstår frå dei døde, norrøne urfolk og magiske ringar.

– Å gå ut i dagslyset etter ein Wagner-opera er nesten litt flaut, for inne i mørkets operasal har han fått oss til å gløyme kvardagslege trivialitetar og til å sveve på bølgjer av suggererande kjærleiksklangar i timevis, som om det var det livet dreide seg om. Det fascinerande er at det kanskje er den gale, rare komponisten som eigentleg har rett.

Høyr Valkyrierittet frå operaen «Valkyrien» i Niebelungenringen:

(Spelt av Oslo-Filharmonien, dirigert av Mariss Jansons)

Annan musikk å søkje opp av Wagner:

Musikktips Wagner

Forspel til tredje akt av Lohengrin

Innleiing til scene 2, "Wotan, Gemahl, erwache!" frå Das Rheingold

Pilgrimskoret frå Tannhäuser

Annan musikk å søkje opp frå seinromantikken:

Musikktips seinromantikken

Richard Strauss:

Also sprach Zarathustra

Gustav Holst:

"Mars" frå Planetane

Gustav Mahler:

Adagietto frå symfoni nr. 5

Jean Sibelius:

Symfoni nr. 3

Nikolaj Rimsky-Korsakov:

Sheherazade

Antonin Dvorák:

Symfoni nr. 8

Peter Tsjajkovskij:

Nøtteknekkeren

Kulturstrøm

  • Voldsomme reaksjoner på dansk Eurovision-artist

    Danmarks Eurovision-håp, artisten Saba, forteller at hun har vurdert å trekke seg etter kraftige reaksjoner på at hun deltar i den europeiske finalen.

    Reaksjonene kommer i forbindelse med Israels omdiskuterte deltakelse i Eurovision samtidig med krigføring på Gazastripen.

    Anna Saba Lykke sier til Ekstra Bladet at hun har bearbeidet opplevelsen med psykolog, og at hun nå har valgt å stenge alle sine sosiale medier etter kraftige oppfordringer om at hun bør trekke seg.

    Saba mener det er viktig for mangfold og representasjon at hun deltar. Hun har vært åpen om at hun er skeiv, adoptert og har utfordringer med psykisk helse.

    Hun er også blant artistene som har underskrevet oppropet om fred og våpenhvile i Gaza.

    Den danske sangeren Saba, Anna Saba Lykke.
    Foto: Ida Marie Odgaard / AP
  • 3 mill. til første samiske animasjonsfilm

    Norsk filminstitutt (NFI) melder fredag at animasjonsfilmen «Kunnskapens skog / Daajroen boelte» har fått 3 millioner i produksjonstilskudd.

    Ifølge NFI handler filmen om søsknene Anta og Bräjta som følger nordlyset til den parallelle verdenen Saajve

    Totalbudsjettet på den svensk-norske samproduksjonen er på nær 23 millioner kroner.

    Oskar Östergren Njajta står for regi og manus og produksjonsselskapet Krystallplaneten i Tromsø er med fra norsk side.

    Ifølge NTB blir dette historiens første animerte samiske langfilm. Den har planlagt premiere i 2026.

    «Kunnskapens skog» / «Daajroen boelte»er tidenes første samiske animerte langfilm.
    Foto: Bautafilm
  • Israel skjerper reiserådet til Malmö

    Israelske myndigheter har skjerpet reiserådet til Malmö i forbindelse med Eurovision.

    Det skriver Israel National News.

    Reiserådet er oppgradert fra 2 til 3. Det tidligere nivået innebærer at det eksisterer en «mulig trussel», mens det nye nivået innebærer en moderat trussel. Det betyr også at israelere som har planlagt å reise til Malmö, bør revurdere om turen er nødvendig.

    Det forhøyede nivået gjelder i perioden når Eurovision arrangeres i byen.

    (NTB)