Hopp til innhold

Vert kanonisert etter 800 år

Den tyske komponisten og forfattaren Hildegard von Bingen (1098–1179) vert no kanonisert av pave Benedikt XVI, mellom anna for at ho «tok med seg kvinneleg innsikt i møte med trua sine mysterier».

Hildegard von Bingen

Denne illustrasjonen er henta frå ei av dei første utgåvene av Hildegard-boka «Scivias».

Foto: Illustrasjon frå Hildegard-boka Scivias

Den tyske pave Bendikt XVI har den siste tida omtalt den tyske kulturheltinna Hildegard offentleg ved fleire høve. I eit innslag frå TV-kanalen Rome Reports seier han mellom anna at Hildegard «tok med seg kvinneleg innsikt i møte med trua sine mysterier».

Hildegard skal også utnemnast til kyrkjelærar i den katolske kyrkja i oktober 2012, ei ære som tidlegare har blitt gitt til 33 personar som vert tillagt særskilt viktig teologisk påverknad. Kanoniseringa av Hildegard skjer truleg før denne utnemninga.

Prosessen starta i 1223

Hildegard von Bingen har lenge tiltrekt seg interesse som ein av dei mest allsidige kulturpersonlegdomane i mellomalderen.

I tillegg til å komponere musikk og skrive bøker om teologi, visjonar, etikk og naturvitskap, grunnla ho mellom anna to kloster og utvikla eit alternativt alfabet.

Ideen om å gjere Hildegard til helgen er på ingen måte ny. Allereie i 1223 vart det sett i gong ein kanoniseringsprosess, men fire ulike pavar unnlet å fullføre den.

Helgendyrkinga av Hildegard var like fullt i gang, og dyrkinga vart godteken i 1324. Sidan 1940 har Hildegard hatt ein avgrensa status som «St. Hildegard» innanfor benediktinarordenen.

Aktuell som romanfigur

Rundt 80 komposisjonar av Hildegard er bevarte, uvanleg mange for ein komponist frå 1100-talet. Særleg dei siste tiåra har interessa for denne seingregorianske komponisten vore stigande.

Det moralske syngespelet Ordo Virtutum er det første verket ein kjenner til i sitt slag, og mellom hennar mest framførte..

Høyr utdrag frå Ordo Virtutum:

(Framført av Carmen-Renate Köper, William Mockridge og Sequentia.)

Den siste tida har Hildegard si livshistorie fått ein del merksemd her til lands på grunn av den danske forfattaren Anne Lise Marstrand-Jørgensen sin roman «Hildegard», som nyleg kom ut på norsk. Oppfølgjaren «Hildegard II» er allereie i sal i Danmark.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters