Kulturstrøm

  • Gorillaz til Øya

    Gorillaz blir eitt av trekkplastera når Øyafestivalen opnar dørene igjen etter to avlyste år på grunn av pandemien.

    Musikkprosjektet, som er skapt av Blur-vokalist Damon Albarn og kunstnaren og teikneserieskaparen Jamie Hewlett, avsluttar onsdagen i Tøyenparken.

    Øyafestivalen opplyser at dette er første gong bandet spelar på ein norsk festival, og at dei skal ha med gjesteartistar.

  • Ingen møter i kulturstreiken

    LO og Spekter har ikkje planar om å møtast om kulturstreiken torsdag, etter at forhandlingane onsdag ikkje førte fram.

    Partane står framleis langt frå kvarandre om dagens pensjonsordning.

    Streiken har vart i over sju veker, og kan bli trappa opp måndag.

  • «The Wire» kåra til beste TV-serie

    206 ekspertar i 43 land har på oppdrag frå BBC kåra «The Wire» til den beste TV-serien i det 21. hundreåret.

    «Mad Men» og «Breaking Bad» kom på dei neste plassane.

    Dansk/svenske «Broen» er beste skandinaviske på ein 34. plass, «Borgen» kom på ein 40.-plass, medan «Forbrytelsen» er kåra til den 78. beste serien i dette hundreåret.