Sara Lidman
Uskyldens øyeblikk
Cappelen forlag
2000
Sara Lidman er fødd i Västerbotten, ho debuterte med ein roman frå Västerbotten, på 70-og 80- talet skreiv ho ein heil romansuite på fem bøker om då jernbanen kom til Västerbotten, og no er ho tilbake i Västerbotten igjen.
Grovt rekna har det blitt 11 romanar frå denne utkanten i Nordsverige, om livet til fattigfolk der, frå slutten av 1800-talet til eit stykke innpå 1900-talet.
Mykjee talar mot…
Tørre tal seier at det snart er nok. Västerbotten er i ferd med å bli overrepresentert i nordisk litteratur, trass alt kjem både Torgny Lindgren og Kjerstin Ekman derifrå, og dei har det litt på same måten, dei plasserer gjerne historiene sine der.
Dessutan er det veldig lite trendy å skrive slike bøker. Rettnok er det oppe i tida å skrive om bygda, men ikkje i gamledagar og ikkje på den måten Sara Lidman gjer.
… men det er før ein les boka
Sagt på ein annan måte: Det er mykje som talar mot denne boka, inntil ein set seg ned for å lese. Då verkar slike innvendingar fullstendig irrelevante, smålege og forfengelege.
Lidman portetterer ei lita bygd med ein storfamilie i sentrum: familien til Isak Mårten og den vakre, men biske kona hans Rønnog. Dei er fattige, som sagt, men ikkje grå.
Livets mange sider
Livet er drastisk, som når ungkarsonkelen blir herja kraftig med av ei mannevond ku og misser gebisset i basketaket. Ei dobbel fornedring: bli overfalt av ei ku, - hadde det endå vore ein hest - , og i tillegg misse Statens tanngard som han fekk i miliæret.
Livet er fullt av poesi, bibelen, songar og historier flettar seg ut og inn av samtalen, og i små glimt byr livet også på stunder av slik karakter at ein må ty til høg poesi for å skildre dei.
Livet er fullt av kvardagsgjeremål som Sara Lidman kan på fingrane. Ho veit kva det heiter og kvar i kroppen det røyner på. Og ikkje minst: livet er fullt av raseri, sinne, faenskap og vreide, som også er andre ord for livsmot når ein er fattig og bur i Ecksträsk, Västerbotten.
Leverandør av kvalitetslitteratur
Det er snart femti år sidan Sara Lidman debuterte. I nesten femti år har ho konsekvent skildra småfolk i kamp med livet og med makta, i Västerbotten, i Sør-Afrika, i Vietnam. Ho har vore ein kompromisslaus leverandør av kvalitetslittertur med sosial brodd.
Det står respekt av slikt.
Marta Norheim
Kulturnytt, NRK P2, 16. januar 2001
Bearbeidd for nett av Hege Øygaren