Hopp til innhold

Tindra

Tre jenter utgjer folkemusikkgruppa Tindra. Med fele, akkordeon og nydeleg vokal vil jentene reise rundt i verda med musikken sin.

Tindra
Foto: Yina Chan

Om Tindra.jentene kjem vidare til Kjempesjansen vil dei framføre "Den Store Trasten forelskar seg" av R. Hovland og Å. Vetrhus. Men allereie no kan di sjå musikkvideoen deira der dei framfører "Eventyr" av I. Hagerup og I. Tillung.

Arkivopptak

Jentene er frå tre flotte fylker på vestlandet, nemleg Hordaland, Rogaland og Møre og Romsdal. Sidan jentene er frå tre forskjellege fylker byrja dei ikkje å spele saman før dei møtte kvarandre på musikkhøgskulen i Oslo, men sidan den gong har dei spelt saman så ofte dei kan. 

Men musikkinteressa starta lenge før dei møtte kvarandre.

- Eg skreik meg til ein blå leiketoradar i leikebutikken då eg var fem år. Byrja på toradarkurs då eg var åtte år, men gjekk over til klassisk akkordeon som niåring, fortel Irene Tillung.

Jorun Marie R. Kvernberg fekk si første fele allereie som fireåring.

- Men eg byrja først å spele når eg var i sjuårsalderen.

Inspirasjon

Tindra
Foto: Yina Chan / Yina Chan

Inspirasjonen til jentene får dei frå alle moglege kantar av landet.

- Eg får inspirasjon av alt frå folkemusikk til AC/DC. Dessutan er eg fascinert over at det er mogeleg å synge så vakre melodiar med ei så rusten stemme som det Tom Waits har, fortel Irene.

Jorun Marie har nokre heilt andre personar som inspirerar ho.

- Felespelaren Ole Blø, han er 86 år og bur på ei øy i Romsdalsfjorden. Eg beundrar han og andre folk som har haldt fast ved folkemusikken og fela gjennom eit heilt liv.

Den tredje og siste jenta i gruppa likar å høyre på gamle arkivopptak.

- Bertha Rafdal var ei veldig religiøs dame frå Sauda, eg fekk aldri møtt ho, men har i timevis høyrt på arkivopptak der ho syng religiøse folketonar. Ho er mitt definitive førebilde når det gjeld formidling og stemmebruk, fortel Åshild Vetrhus.

Kva vil dei bruke pengane dei vinn til?

- Bestille nye tekstar hos ein forfattar, skrive musikk til og spele inn på cd.

På gøy med Tindra:

Kva er det mest ”nerdete” ved deg?

Irene: - Eg likar å finne ut av allslags elektroniske duppdingsar. Trykke på knappar og sjå kva som skjer.

Samlar du på noko?

Jorun Marie: - Då eg var lita var eg ein ivrig viskelêrvisksamlar. Det gjekk ut på å viske intenst med viskelæret på pulten min, og så samle støvet i filmhylster.

Har du nokre spesielle interesser?

Åshild: - Eg går på reinsdyrsjakt kvar haust, og så er eg veldig glad i å lese Donald.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.