Hanne-Vibeke Holst
"Thereses tilstand"
Gyldendal 2000
omsett til norsk av Karin Bakken
Therese er ein ambisiøs og vakker TV- journalist, som har som største mål i livet å bli Moskvakorrespondent. Men så forelskar ho seg i den minst like vakre og ambisiøse kollegaen Paul, blir gravid og får trøbbel med å kombinere rolla som vordande mor og karrierekvinne.
Vi har altså å gjere med nok ein variant over temaet: moderne kvinne med angst for at kjærleiken skal øydeleggje for karrieren. For at "vi" skal kome i vegen for "meg".
"Thereses tilstand" er forma som ein thriller på mange nivå. Vil ho få den vakre og omsverma prinsen? Vil ho ha han? Vil ho ha barnet? Får ho korrespondentjobben? Det heile kulminerer på meir tradisjonelt thrillervis med ei nattleg jakt på mafiaen i Russland- med barn i magen.
Kort sagt: her er det ikkje spart på effektane, og boka er blitt ein skikkeleg page-turner som dei seier i USA, boka les seg nesten sjøl.
Men etterkvart som boka blar seg framover forbi mannsjåvinistiske sjefar, kvikke replikkar mellom kollegaer, jentepreik med venninnene og kvalitetssamver med kjærasten, etterkvart som alt dette susar forbi i stor fart, så tek det til å murre litt bakom augene. For denne boka fortel alt, og ingenting meir enn det. Alt denne boka har å by på står å lese på linjene i eit flatt og tydeleg språk. Vi blir bestevenner med Therese som på bestevenners vis fortel oss alt. Det blir for mykje prat og for lite litteratur.
Tankane går til dei fargesprakande vekeblada som lovar oss alt om dei kongelege, alt om kjendisskilsmissene, alt om kjendisfestane, kort sagt alt vi strengt tatt ikkje treng å vite, men vi let oss forføre til å lese om likevel. Fort lest, fort gløymt. Tematikken i "Therese tilstand" har eit større potensiale, men sjølve boka plasserer seg i kategorien dameroman for unge yrkesaktive kvinner, ein nisje som stadig fleire forlag satsar på.
Marta Norheim
Kulturnytt, NRK P2, 20.09.00