Det spirer og gror i musikkmiljøet i Namsos om dagen. Askil Holm har knapt rukke å blitt kjendis før eit nytt band dukkar opp i horisonten. Alle som er lei av D.D.E kan prise seg lukkeleg over at det skjer noko i anna i musikkmiljøet. Thereel har eksistert i tre år og kan bli ein ny eksportartikkel frå trønderbyen.
Satsar hardt
I April 2001 gikk bandet i studio for å spele inn ein debut EP med tittelen "A cup of Karma". Gruppa satser knallhardt på å være eit dyktig live- band og har fått god respons på det dei har gjort så langt.
Få usignerte band kan skilte med eigen musikkvideo. Thereel lanserte i vinter musikkvideoen til songen "Brother&Sister". Etter ferdig vidaregåande skule i fjor har alle dei fem karane lagt andre ting på hylla for å satse for fullt på musikken.
TheReel er tydelig inspirert av britpopen, men har likevel funne sin eigen sjanger.
TheReel er:
Jo Sigurd Engstad – vokal/gitar
Frode Christian Moe – gitar/vokal
Lars J. Hovik – bass/vokal
Stig Johansen - synth/piano
Laffen – trommer
TheReel