Hopp til innhold

Tangueros del Norte

Tangueros del Norte er ein stor gjeng, beståande av åtte personar i forskjelleg alder. Trondheimsgruppa spelar argentinsk tangomusikk, og drøymer om å bli eit av dei største tangoorkestera i verda.

Tangueros del Norte
Foto: Kjetil Valen

Når Tangueros del Norte skal spele for oss på laurdag er det songen "Triunfal" av A. Piazzolla/Marcelli. Den kan du allereie no sjå dei spele på auditionen sin .

13 til 23

Det er eit stort gap i alderen til musikarane i gruppa, nokon er ikkje eldre enn 13 år, medan andre er 23 år. Men endå musikarane i gruppa har ein ung alder har dei mykje å vise til.

I 2004 hadde orkesteret ikkje mindre enn 35 konsertar. Det same året fekk dei og ”Drømmestipendet” til Norsk Tipping.

- Det er eit stipend som delast ut kvart år, vi fekk det nok fordi vi er flinke, fortel gruppa sin musikalske leiar Kåre Jostein Simonsen.

Bandoneon

- Skal ein spele argentinsk tango må ein ha med bandoneon, som er eit argentinsk tangotrekkspel, fortel Kåre Jostein.

Det var denne mannen som og starta Tangueros del Norte.

- Eg starta undervisning på bandoneon for nokre år sidan, ved kulturskolen i Trondheim. Eg trur det er den første organiserte undervisninga på dette instrumentet i Norden.

Og Kåre Jostein elskar dette instrumentet.

- Det er veldig vakkert, det er tangoen si sjel.

Mykje øving

Det er ikkje lite dette orkesteret øver, sidan dei starta i 2003 har dei hatt øving kvar veke. Kvar torsdag er det samling der alle er med, men det stoppar ikkje der.

- Dei tre på bandoneon har og øving kvar laurdag, det er ei øving for spesielt dyktige og talentfulle personar som verkeleg vil bruke mykje tid på musikken.

- Eg står opp klokka fem kvar morgon før eg drar på skolen og øver, fortel Rannveig Ryeng som spelar fiolin i Tangueros del Norte.

Med så mykje øving er det nok ikkje rart at gruppa har fått mykje merksemd.

Kva vil de bruke pengane de vinn til?

- Dei går til sparekassa til Tangueros del Norte. Seinare skal dei gå til studium og ein studietur til Argentina.

På gøy med Tangueros del Norte:

Kva er det mest ”nerdete” ved deg?

Viktor: - Folk kallar meg nokon gongar for eit leksikon, fordi eg veit mykje om heilt unyttige ting. Eg har og ei stor interesse for mobiltelefonar.

Øyvind: - Kanskje det at eg i ein alder av 14 år pugga dei fleste nasjonalsongane.

Er det noko du absolutt ikkje klarer?

Ole: - Det å berre halde i eit plastkrus utan å sprekke det…

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.