Hopp til innhold

Språk

  • Språkrådet tek «hen» inn i ordbøkene

    Styret i Språkrådet vedtok torsdag å ta pronomenet «hen» inn i dei offisielle normene for bokmål og nynorsk.

    Det skriv språkdirektør Åse Wetås på Twitter.

    Bokmålsordboka og Nynorskordboka er oppdatert med det nye ordet. Her står det at pronomenet viser til ein person når kjønn er ukjent, uvesentleg eller blir halde skjult, og for å vise til ein person som føretrekker pronomenet «hen» framfor «han» eller «ho».

  • Krev lærebøker på nynorsk


    Noregs Mållag krev at nynorske lærebøker må vere på plass før skulestart. Til hausten vert siste ledd i Kunnskapsløftet 2020 innført med nye lærebøker for elevar på vg3 i den vidaregåande skulen.

    – Opplæringslova seier at alle elevar har rett til læremiddel på eige språk. Det er framleis tid til å ordne nynorskutgåvene, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

  • Språkrådet oppmodar å bruka Belarus

    Språkrådet oppmodar at ein nyttar Belarus i staden for Kviterussland, etter at Utanriksdepartementet bestemte det same. Dette bekreftar seksjonssjefen i Språkrådet Daniel Ims, til NTB.

    Belarus er namnet landet sjølv nyttar og er samansett av orda bela, som betyr kvit, og rus, som blir brukt om det som med tida er blitt Russland.

  • Pris til Bruland

    NRK sin utanrikskorrespondent i Berlin, Roger Sevrin Bruland, fekk i dag tildelt Kulturdepartementet sin årlege nynorskpris.

    Han får prisen for sin tydelege bruk av det nynorske språket som utanriksjournalist.

    Bruland er no på jobb i Ukraina, og fekk vite om prisen på eit videomøte med kolleger i NRK fredag.

    Roger Sevrin Bruland på heimekontoret i Berlin.
    Foto: NRK

Kulturstrøm

  • Olivia Newton-John får statleg gravferd i Australia

    Familien til den australske skodespelaren og songaren Olivia Newton-John har takka ja til statleg gravferd i Australia, skriv CNN.

    Kunngjeringa kom frå Australias statsminister Dan Andrews, som fortel at gravferda vil bli meir som ein konsert.

    Det var niesa til Newton-John, Tottie Goldsmith, som takka ja på vegner av familien.

    – Eg trur Australia treng det. Ho er så elska, sa ei tårevåt Goldsmith.

    Newton-John blei 73 år og døyde i USA etter å ha hatt brystkreft i 30 år. Skodespelaren er mest kjend for rolla som Sandy i filmen «Grease» frå 1978.

    Bilde av Olivia Newton-John på Hollywood Walk of Fame
    Foto: ROBYN BECK / AFP