Hopp til innhold

Utdanning og forsking i Vestland

Oppsummert

Frå barnehage til framifrå forsking. Her får du siste nytt frå kunnskapssektoren i Vestland.

  • Vil berge fleire klassar

    Hovudutval for opplæring og kompetanse går i mot fylkesadministrasjonen si tilråding om å legge ned fleire klassar ved Førde, Firda og Dale vidaregåande skule. Det melder Firda. I eit møte i dag har fleirtalet føreslått å berge vg1 dans og drama ved Firda vidaregåande skule, restaurant og matfag ved Førde vidaregåande skule og ei halv klasse industriteknologi i Dale.

  • Fylket beklagar at kritikk kom ut i media

    I Vestland fylkeskommune blir det beklaga at kritikk mot tryggleiken ombord på opplæringsbåten MS «Skulebas» kom ut i media.

    Den ansvarlege læraren på båten sa i vinter opp stillinga og uttalte i media at opplæringsfartøyet er for farleg for elevane.

    Båten er del av fiske- og fanglinja ved Måløy vidaregåande skule.

    På møtet i hovudutval for opplæring i dag vart ytringsfridom eit tema då dei tekniske problema på båten vart diskutert.

    – Læraren har ikkje fått kritikk direkte, men det vart på møtet beklaga at dette vart ei sak i media. Så det var meir ein indirekte kritikk, seier utvalsleiar Åsmund Berthelsen (SV).

    Han meiner likevel at tilsette i fylkeskommunen skal kunna komma med kritikk utad.

    – Ei slik openheit er viktig, også i denne konkrete saka. Det er viktig at ting kjem fram. Folk har ytringsfridom, og slik må det vera, seier han.

    No jobbar fylkeskommunen med både reklamasjonar og andre rettingar på båten.

    – Men det er trygt ombord også no. Ellers hadde Sjøfartsdirektoratet stoppa det, seier Berthelsen.

  • Uroa for at yrkeslinje-kutt gir lærlingmangel i distrikta

    Yrkesopplæringsnemnda åtvarar mot å legge ned yrkeslinjer i distrikta, slik fylkesdirektøren i Vestland har foreslått.

    Nemnda er uroa og meiner det er viktig å halde på sjølv halve klassar for å svare til arbeids- og næringslivet og det offentlege sitt behov for lærlingar.

    Særleg åtvarar deI mot å legge ned eller kutte i bygg- og anleggsteknikk generelt, tømrarlinja på Voss, elektro og datateknologi i Sogndal og Førde, elenergi og ekom på Eid, og helse og oppvekst på Bømlo.

    Forslaget til ny skulestruktur i Vestland er på høyring til 20. mai, og skal opp i fylkestinget seinast i oktober.

  • Skuleskip til kai med tekniske problem: – No er det sjakk matt

    Ein vinsj som skal brukast i snurrevadfiske har låst seg, fortel faglærar Stig Oldeide på opplæringsbåten MS «Skulebas».

    Fjordenes Tidende omtalte saka først.

    – Det var godt vêr og stilt, men hadde det vore kuling, hadde vi hatt store problem og i verste fall mista all fiskereiskapen vår, seier Oldeide til NRK.

    Båten er på tur til Lofoten med elevar som skal få opplæring i fiske og fiskereiskapar. No ligg dei til kai utan vissheit om når dei får reparert vinsjen og kome seg ut på sjøen igjen.

    – No er det sjakk matt. Elevane får ikkje den breie erfaringa dei skal ha med fiskereiskapar, seier Oldeide.

    – Det er ikkje noko vidare bra stemning på båten no.

    Dette skjer etter Oldeide sa opp stillinga si som faglærar på Måløy vgs. sa opp fordi han frykta for elevane sin sikkerheit om bord på båten. Han meiner mellom anna at utstyret til garnfiske på båten er farleg og i verste fall skadeleg.

    Fiskebåten "MS Skulebas"
    Foto: Hvide Sande Shipyard / Hvide Sande Shipyard