Hopp til innhold

Sofie Bjerketvedt

Sofie har ein stor kjærleik for musikalmusikk. Hovudinstrumentet til 19 åringen er song, men ho har alltid vore opptatt av dans, noko som er to greie ting å kunne når det gjeld musikalar.

Sofie Bjerketvedt
Foto: Hansen, Geir

Når Sofie på laurdag skal synge for oss er det frå musikalen "A Chorus Line". Songen heiter "The Music and The Mirror" av Marvin Hamlisch og Edward Kleban, men Sofie skal synge denne songen på norsk, og den er oversatt og omarbeida til norsk av Runar Borge. Allereie no kan du sjå Sofie synge denne songen på  musikkvideoen sin.   

På fanget til farmor

- Då eg var lita kunne eg heile ”alle barnas sangbok” både forlengs og baklengs.

Det var farmora som hjalp Sofie med å lese. Ho hadde farmora til å passe på seg, i staden for barnehagen fram til ho var tre år.

- Om alt var like pent? Veldig mogleg at det ikkje var det, men eg trur farmor likte det, for vi song mykje kvar einaste dag.

Pyntegjenstand

- På vidaregåande var det ein del av undervisninga å spele piano og gitar. Pappa er veldig glad i akustisk gitar, så han gjekk rett ut å kjøpte ein ny gitar. Den har kanskje blitt spela på eit par gonger, men har mest vore pyntegjenstand på rommet mitt.

Sidan Sofie valde å konsentrerte seg om stemma si i staden for gitaren var det resten av familien som tok ansvar når det gjeld desse andre instrumenta.

- Eg har ei veldig talentfull yngre søster som er kjempe flink på piano, ho dansar ballett og. Den yngre broren min er opptatt av musikk på data.

Og det har blitt store diskusjonar i familien om kven av foreldra Sofie har fått songstemma si frå.

- Mamma snakkar om at ho var barnestjerne, pappa er litt meir beskjeden. Sjølv trur eg at eg har plukka det litt her og der. Smart tenkt.

Kva vil du bruke pengane du vinn til?

- Eg vil studere, reise, og bli betre i det eg gjer. Eg har funnet ut at alt kostar pengar i denne verda.

På gøy med Sofie:

Er det noko du er spesielt dyktig til?

- Eg har ekstremt lang tunge som eg kan strekke overalt. Eg kan ta den opp på nasa og til og med plukke meg i nasa med tungespissen. Ja det er ekkelt, men det er ein kunst!

Samlar du på noko?

- Eg har ein tendens til å samle på blomster som eg har fått. De visner og eg heng dei opp på veggen. Støvsamlarane mine!

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters