Flyselskapet SAS har tilbydd leiker og teiknesaker for barn gjennom lange tider. I mange år leverte dei ut den folkekjære «Løvemat-boksen», før den i 2010 vart erstatta med andre produkt, men no er det altså heilt slutt med leiker og teiknesaker.
– Kvifor?
– Vi har tilbydd esker med godteri, teiknesaker og klistermerke. No ønskjer vi å ha ein sunnare profil. Samtidig har vi registrert at mykje av leikene blir kasta. I dag har dei eldre barna ofte med seg nettbrett og smarttelefonar, seier informasjonssjef Knut Morten Johansen.
Han kan avsløre at avgjerda om å slutte med flyleikene vart tatt allereie for fire-fem år sidan, men at lageret fyrst no er i ferd med å bli tømt.
– Er det nokon som saknar leikene?
– Nei, dette har fasa seg ut i takt med at interessa har dalt.
«Alle» har nettbrett
Ei undersøking gjort av Kantar Media viser at 94 prosent av norske barn mellom 3 og 11 år har tilgang på nettbrett, medan 99 prosent har tilgang på smarttelefon.
– Frå 2012 til 2013 skjedde det ei stor endring. På eitt år hadde nesten dobbelt så mange born tilgang på nettbrett. Sidan har det vakse litt, og stabilisert seg på eit veldig nøgt nivå, seier seniorrådgjevar i Kantar Media, Nils Petter Strømmen.
Ei amerikansk undersøking viser at barn i USA brukar om lag 18,6 timar i veka på skjermbasert leik.
Seniorrådgjevar Strømmen tvilar på at bruken er noko lågare i Noreg.
Fleire barn flyg
Informasjonssjefen i SAS trur også noko av grunnen til den låge etterspurnaden etter leikene er at barn er meir vant med flyturar.
50.000 barn flyg aleine med SAS gjennom året. Mange av dei får gullkort allereie før dei begynner i barnehagen.
– Vi registrerer ei stadig yngre reisegruppe. Det er ikkje like spesielt å fly for barna som det ein gong var, seier Johansen.
No som dei analoge leikene forsvinn frå flya ser Johansen for seg at dei med tida vil tilby meir digital moro for barna.
– Etter kvart kan det vere aktuelt å gi barna moglegheit for å samle flyturar digitalt, og til dømes la dei sjå kor mange gongar rundt jorda dei har floge, seier Johansen.
Frå no av må de altså ta med leiker og teiknesaker sjølve om de skal flyge med SAS. Nettbrettet har de vel uansett allereie pakka.
PS: Norwegian tilbyr heller ikkje leiker ombord.