Hopp til innhold

Skreiv til kringkastingssjefen for å etterlyse jenter

Åtte år gamle Signe Bakken Berget var lei av at det berre var gutar som fekk synge jula inn i NRK. Difor sende ho brev til kringkastingssjefen og etterlyste jentekor. No har ho fått svar.

Etter å ha sett Sølvguttene synge jula inn i fjor, skreiv Signe Bakken Berget brev til kringkastingssjefen og spurte kvifor det berre er gutar som får synge jula inn.

Tradisjonen tru skal Sølvguttene synge jula inn på NRK julaftan klokka 17. Det har dei gjort kvart år sidan 1966. Men den gong åtte år gamle Signe Bakken Berget såg seg lei på denne tradisjonen. Difor sende ho brev til kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen. Her spurte ho om ikkje Sølvguttene og Det norske jentekor kunne synge jula inn annan kvart år.

– Eg sat i sofaen og såg på Sølvguttene. Då lurte eg på kvifor ikkje jenter også kunne synge jula inn. Så sprang eg ut til skrivepulten for å skrive.

Fekk svar

I dag fekk Signe, som no har blitt ni år, svar då ho fekk besøke kringkastingssjefen på kontoret hans. Og Thor Gjermund Eriksen vedgår at dette var ei problemstilling han ikkje hadde tenkt på.

– Då eg fekk brevet, tenkte eg at dette har eg ikkje tenkt på. Og du har jo heilt rett! Så no blir det jentekor på TV som skal synge «Ja, vi elsker», seier Eriksen.

Signe Bakken Berget og Thor Gjermund Eriksen

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen kan love Signe Bakken Berget jentekor på TV i år. Etter nyttårstalen til statsminister Erna Solberg første nyttårsdag framfører Det norske jentekor nasjonalsongen.

Foto: Marianne Rustad Carlsen / NRK

Det er Det norske jentekor som skal framføre nasjonalsongen første nyttårsdag, etter at statsminister Erna Solberg har halde nyttårstalen sin. Ørjan Matre har skrive eit nytt arrangement spesielt for koret.

– Gler oss

Dirigent Anne Karin Sundal-Ask seier til NRK at dei er glade for initiativet, og gler seg veldig til framføringa første nyttårsdag.

– Vi vil takke Signe for eit super initiativ. Dette er eit prosjekt vi gjer med stor stoltheit, og vil gler oss til å synge «Ja, vi elsker» for alle i Noreg.

Det norske jentekor

Det norske jentekor er ei vidareføring av NRKs jentekor, etter at koret gjekk ut av NRK i 1994.

Foto: Det norske jentekor

Signe Bakken Berget er glad for meldinga frå kringkastingssjefen i dag.

– No blei eg veldig glad.

På ein skala frå ein til ti, kor glad då?

Ti.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters