Postironisk
Tiller tilhøyrer den postironiske generasjonen som går inn i kompliserte saker og sinn med stort alvor. Den namnlause mordaren får papir mellom hendene og skriv ned historia si, hulter til bulter, han sporar av på assosiasjonar, han går i store sirklar forbi dei verste handlingane, men kjem stadig tilbake og avslører meir. Til slutt sit lesaren med heile handlingsforløpet og brokkar av ei forklaring på kvifor dette livet spora av så fatalt.
Svart men sunn
- Det stemmer at boka er svart, men ho er ikkje desto mindre sunn, seier Carl Frode Tiller.
- Det denne unge mannen skriv, viser at menneske som gjer forferdelege ting, ikkje berre er monster, men dei er òg menneske som treng omsorg. Hovudpersonen i boka mi er ein framand på mange nivåer; overfor seg sjølv, for samfunnet og for dei ulike tinga i verda. Dette skapar ein slags klaustrofobi - og jakta på nærleik og kontakt får fatale følger.