Blant sentimentalistane er namn som Selma Lønning Aarø, Per Olav Kaldestad, Hans Sande, Helga Eriksen, Johannes Heggland og Ragnar Hovland.
Fint å gle seg
- Sentimentale menneske likar betre å gle seg til noko enn å gjennomføre det, seier initiativtakar Rune Belsvik som ei forklaring på kvifor dei treng så lang tid på å få festforestillinga på beina.
Nyleg møttest 18 sunnhordlandsforfattarar til ein litterær maraton under Forfattarsleppet i Bergen. Mens andre forfattarar kanskje ville vegra seg mot å bli klassifisert ut frå geografi og eit så fleirtydig omgrep som sentimentalitet, så er Sunnhordlandsforfattarane svært nøgde med å vere mange, og dei trur at sentimentaliteten vil få mange nye tydingar når dei er ferdige med prosjektet sitt.
På telefon frå sitt eksil i Kristiansand forsøker Rune Belsvik å trenge inn i sjelelivet til sunnhordlandsforfatterane.
Lagnaden er vår direktør
- Lagnaden er vår direktør, og den lar seg ikkje intervjua. Lagnaden har blant anna ført til at det er eit vanvittig oppkomme av litteratur i Sunnhordlandsregionen. Latteren og gråten er så lett tilgjengelig hos mange. Årsaka til all sentimentaliteten ligg nok i blanding av jordsmonn og sjøluft, seier Belsvik.
Han meiner at det rett og slett kjennast naturleg for mange sunnhordlendingar å ha nokre dikt liggjande i nattbordsskuffen. Belsvik bur i Vest-Agder, men lengtar heim til Sunnhordland. Også dette meiner han er eit særtrekk blant forfatterane i regionen.
- Ei av dei store driftene i ein sunnhordlandsforfatter er heimlengt. Men omgrepet "heim" er ikkje akkurat slik som vi trudde. For dei som har prøvd å reise heim finn ut at det ikkje er noko der, seier forfattaren.
Heim i augeblikket
I staden trur han meir på det han kallar ein "heim i augeblikket". Han ønskjer å gje det kvardagslege augeblikket verdigheit.
Eit anna viktig fellestrekk hos sunnhordlandsforfattarane, som alle skriv på nynorsk, er at mange av dei skriv bøker for barn og ungdom. Dette meiner Belsvik skuldast at dei har kontakt med barnet i seg.
- Mange skriv bøker for barn og ungdom. Den som forsøker å finne verdigheita i kvardagen, vil også forsøke å gje barnet i seg sjølv verdighet. Eg opplever at dei fleste diktarane i Sunnhordland vågar også å begå kunst for barn, seier Belsvik.
Bragevinnar
Sjølv har Rune Belsvik skrive mange ville og sentimentale historiar for barn og ungdom. I fjor fekk han Brageprisen for "Ein naken gut". Belsvik er oppteken av at sentimentaliteten her ikke skal forvekslast med nostalgi i tradisjonell forstand.
- Vi blir ikkje nostalgiske, for vi bryt ut i latter. Det er både trist og forlokkande på ein gong. For det er å søke etter noko som er umuleg, seier Belsvik,som klemmer til med ein aforisme til slutt:
"Ingen er så fattig som dei som har tapt sin lengsel".