Hopp til innhold

Safari vant Nettsjansen

Denne veka var det tre gospelkor som sloss om den femte plassen i Kjempesjansen. Det var Safari som fekk flest stemmer, dei er no klare til sendinga på laurdag.

Safari
Foto: Bilde frå musikkvideo

Av dei tre gospelkora var det altså Safari som flest folk stemte på, det betyr at Mosaic og Reflex ikkje blir å sjå på sendinga på laurdag.

Ikkje venta

Safari
Foto: Bilde frå musikkvideo

Torsdag kveld fekk Safari beskjed om at stemmene var talt, og dei var vinnaren av Kjempesjansen denne veka.

- Dette hadde vi ikkje venta!

Jubelen sto nok i taket då  Safari fekk beskjed om å pakke kofferten og gjere seg klare til å synge på Kjempesjansen-scena laurdag klokka 20.20 på NRK1. Då får dei konkurranse av Shira Etana , Jan Erik Fillan Marika Lejon og Ingeborg Christophersen .

Stem no

Du kan allereie no stemme på den eller dei du likar best av deltakarane denne veka, her får du litt hjelpe til korleis.

 

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters