700 dagboksider
Mjølk var ein viktig ingrediens i kosthaldet i 1956. Ein familie med fire barn, drakk gjerne opp 32 flasker i uka. Foto: Scan-Foto: Sv. A. Børretzen.
I 1956 var Grete ei glad jente på 16 år som elska å teikne og lese og gå på kino. I dei 700 rikt illustrerte dagboksidene møter vi på mange måtar ei typisk tenåringsjente frå 50-talet. Ho strikka og sydde, ho spelte gitar, ho hadde pennevennar, leste «Romantikk», høyrde på «Ønskekonserten», gjekk på ski og skøyter, slanka seg og forelska seg – som jenter flest på den tida. Forskjellen er at Grete skreiv så detaljert om kvardagen sin og kjenslene sine at dagboka framstår som eit viktig dokument for den som vil forstå korleis ungdomar opplevde 50-talet.
Var det noko spesielt med 1956?
Ei femkrone frå 1950-talet. Vekeløna for ei ungjente var på 1-2 kroner, så dette var mykje pengar.
Men er det noko spesielt med 1956? Kanskje ikkje. Likevel skjedde det mykje det året som peikar framover mot ei ny tid. For 1956 var året då opprøret i Ungarn slo dei første små sprekkene i muren, det året Suezkrisa tydeleggjorde framtidas problem i Midt-Austen – og det året rocken kom til Norge og bana vegen for ungdomsopprøret og ein amerikansk livsstil.1956 var også året då det vart lov å ordinere kvinnelege prestar og det året poliovaksina kom til landet. Landet var godt i gang med den entusiastiske gjenreisinga etter krigen, og var i ferd med bygge den norske sosialdemokratiske velferdsstaten.
Poliovaksine av barn tok til i 1956. Foto: Scanpix.
Med framtidsoptimistisk planlegging skulle staten og politikarane styre samfunnsutviklinga mot eit betre liv. Nettopp derfor er det interessant å ta eit tilbakeblikk på 1956 i ettertankens forsonande flimmer.
Eit portrett i lyd og musikk
Året er «portrettert» gjennom glimt frå dagboka til Grete, avisoppslag i «Lillehammer Tilskuer», utdrag av radioopptak og filmavisa frå 1956 og smakebitar av populære slagerar frå 50-talet.
Så oppover går det altså
1956 i ettertankens forsonande flimmer.
Ein radiodokumentar av Lars-Helge Myklebust.
Teknisk regi: Geir Hauger.
Konsulent: Birger Amundsen.
Laurdag 21. februar kl 10.15,
reprise søndag 22. februar kl 19.30.