Det er loftet i våningshuset vi tek for oss og her fann vi massevis av det vi kallar "godbitar" når det gjeld antikviteter.
Skattejakt i våningshuset

Kjell Fuglehaug, Stine Woxman og Frode Aga. Foto: NRK
Garden Ulvedal er frå midten av 1500-talet og gjennom åra er det mangt og mykje som er stua vekk. Vi fann mange kister og skrin, gamle bord og stolar, ein kjempefin slagbenk og ikkje minst mange øydelagte rokkar.
- Vi opna skatollet
Ein av dei tinga Erik Ivar var spesielt spent på var eit stort skatoll som stod lagra i tre deler forskjellige stader på loftet. Vi fekk sett skatollet saman og Stine tidfesta det til siste halvdel av 1700-talet. Midtre og øvre del av skatollet hadde eigaren aldri brydd seg med å opna, så spenninga var stor då vi fann nøklar til begge desse dørene. Dei store skattane fann vi ikkje, men derimot veldig mange skriv og dokument som det sikkert vil bli interessant å lesa igjennom sjølv om det vil ta tid. Dessutan fann vi i skatollet mange fine sponøskjer, eit par gamle småe tenger til å støypa geverkuler i og blikkholdera til å støypa sterinlys i. Det er likevel sjølve skatollet som er den store godbiten og sjølv om eigaren nok lyt bruka nokre tusen på restaurering så vil det vera vel anvendte kroner.
Ein del av dei andre tinga - så som stolar og eit hengeskap - lyt nok og restaurerast i større eller mindre grad, men her og vil det vera snakk om vel anvendte kroner.
"Jegaren" Frode
Ellers viste Stryn seg frå si aller beste side då vi gjesta bygda. Sol frå stort sett skyfri himmel og det resulterte sjølvsagt i at Frode – etter å ha funne ein gamal muskedunder på loftet ville på jakt for å skaffa oss mat. Mat blei det – hjort av beste slag – og sjølve jaktturen til Frode? Jau, den er eit kapittel for seg sjølv. Du kan sjå fram til lattervekkande og humørfyllte fjernsynsbilder, sjølv om eg framleis tviler på om det var Frode som skaut hjorten.
NRK1, tirsdag 20. april 2004 kl. 19:55
Send e-post til Fra loft og kjeller