Hopp til innhold

RapiNord

RapiNord starta som eit kompisprosjekt, der gutane skreiv tekstar som dei framførte for kvarandre. Dei gjorde det rett og slett for å ha det artig.

RapiNord
Foto: Bilde frå musikkvideo

Om RapiNord kjem vidare til Kjempesjansen frå Nettsjansen vil dei framføre ”Fiolinan” (Rap-Porter/Schtein, Sample: L. Bremnes). Allereie no kan du sjekke ut musikkvideoen deira .

På dialekt

Det er ikkje ofte ein hører rap på tromsødialekt, men no er det mogeleg, RapiNord har forandra på det. Desse tre gutane som utgjer RapiNord er i byrjinga av tjueåra, alle er under utdanning og alle draumar om å lage eit skikkeleg studioalbum, på si eiga dialekt.

Meir enn eit prosjekt

RapiNord
Foto: Bilde frå musikkvideo

Då gutane framførte tekstane sine for kvarandre var det berre på gøy, men så byrja dei å spele inn plater, då ville dei ha litt meir konkret tilbakemelding på det dei laga.

- Familie og venar hørte på, men dei meiner jo at alt er bra, vi fekk ikkje så veldig konstruktiv kritikk frå dei akkurat. Difor la vi tekstane våre ut på Internett, der fekk vi både positiv og negativ tilbakemelding, med andre ord noko vi lærte av.

På grunn av denne tilbakemeldinga meiner gutane at dei har fått utvikla seg i riktig retning.

Kva vil dei bruke pengane dei vinn til?

- Pengane vil gå til å få i gong eit skikkeleg studioalbum.

På gøy med RapiNord:

Kva slags merkelege ting kan du finne på når du har ein fridag?

- Male. Eg syntes det er litt sært, men det er herleg avkopling.

Har du tatt nokre kurs som var heilt bortkasta?

- Kung-Fu. Trenaren sendte meg på operasjonsbordet då han klarte å sparke skuldra mi ut av ledd.

Kva er ditt mest idiotiske kjøp?

- Eg kjøpte ein leikebil på Internett, har aldri hatt bruk for den, men reklamen på den stemte! ”Verdas minste leikebil”.

Kulturstrøm

  • 40 år sidan Dollie-jentene song for livet

    Søndag er det nøyaktig 40 år sidan den norske duoen Dollie de Luxe deltok i den internasjonale Eurovision-finalen med låten «Lenge leve livet».

    På Instagram spør Dollie-medlem Ingrid Bjørnov om andre også har hatt filler i håret! Benedikte Adrian var den andre i duoen, som kom på 17. plass i finalen.

    Dollie de Luxe ble nummer 17 av 19 i den internasjonale Melodi Grand Prix-finalen i 1984.
  • Voldsomme reaksjoner på dansk Eurovision-artist

    Danmarks Eurovision-håp, artisten Saba, forteller at hun har vurdert å trekke seg etter kraftige reaksjoner på at hun deltar i den europeiske finalen.

    Reaksjonene kommer i forbindelse med Israels omdiskuterte deltakelse i Eurovision samtidig med krigføring på Gazastripen.

    Anna Saba Lykke sier til Ekstra Bladet at hun har bearbeidet opplevelsen med psykolog, og at hun nå har valgt å stenge alle sine sosiale medier etter kraftige oppfordringer om at hun bør trekke seg.

    Saba mener det er viktig for mangfold og representasjon at hun deltar. Hun har vært åpen om at hun er skeiv, adoptert og har utfordringer med psykisk helse.

    Hun er også blant artistene som har underskrevet oppropet om fred og våpenhvile i Gaza.

    Den danske sangeren Saba, Anna Saba Lykke.
    Foto: Ida Marie Odgaard / AP
  • 3 mill. til første samiske animasjonsfilm

    Norsk filminstitutt (NFI) melder fredag at animasjonsfilmen «Kunnskapens skog / Daajroen boelte» har fått 3 millioner i produksjonstilskudd.

    Ifølge NFI handler filmen om søsknene Anta og Bräjta som følger nordlyset til den parallelle verdenen Saajve

    Totalbudsjettet på den svensk-norske samproduksjonen er på nær 23 millioner kroner.

    Oskar Östergren Njajta står for regi og manus og produksjonsselskapet Krystallplaneten i Tromsø er med fra norsk side.

    Ifølge NTB blir dette historiens første animerte samiske langfilm. Den har planlagt premiere i 2026.

    «Kunnskapens skog» / «Daajroen boelte»er tidenes første samiske animerte langfilm.
    Foto: Bautafilm