Arve Tellefsen har spelt Joseph Haydn før, men ikkje slik som dette. Øvst i høgre hjørne på notane han spelar etter kan ein tydeleg sjå signaturen til Haydn. Og den er ekte.
Det er to arrangement for stykka «The Braes of Ballenden», utgitt i 1803, og «Wandering Willie», utgitt i 1806, som mystisk har dukka opp i
arkiv.Dei vart oppdaga før jul, men det var først i dag at nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein kunne offentleggjere at dei sit på originale Haydn-manuskript, etter at nasjonalbiblioteket i Wien og Haydn-instituttet i Køln hadde konkludert med at handskrifta var ekte.
Sjå innslag frå Dagsrevyen:
Sjeldne
Arrangementa er av skotske og walisiske folketonar, og vart skrivne mot slutten av Haydns liv. Joseph Haydn arrangerte nærare 400 slike folketonar, og dei var svært populære i hans samtid.
Øyvind Norheim, førstebibliotekar ved Nasjonalbiblioteket, fortel at det i dag berre finst to andre bevarde skisser av Haydn sine arrangement av skotske folketonar, èin i London og èin i Paris.
– Dette er eit svært interessant funn, meiner han.
Stykka er tidlegare spelt inn av plateselskapet Brilliant med songarane Lorna Anderson og Jamie McDougall saman med klavertrioen Haydn-Trio Eisenstadt, på plata «Scottish Songs for William Whyte, part 1.»
Høyr innspelinga her:
Eit mysterium
Det er framleis eit mysterium korleis skissene hamna i Noreg.
– Til Nasjonalbiblioteket kom det via Cappelens forlagsarkiv. Men korleis det hamna der, er foreløpig eit mysterium. Så vi får sette eit par detektivar på den jobben der, seier Norheim.
Han forklarar at det på Haydn si tid var vanleg at eksklusive manuskript endte opp hos privatpersonar.
– Frå byrjinga av 1800-talet langt fram mot 1900-talet så delte ein ut manuskript i aust og vest som relikviar til interesserte personar som gjerne ville sikre seg eit eksemplar signert meisterens hand. Og Haydn var meistrane sin meister, så desse skissene var nok etterspurde, seier Norheim.
Rullen som dei originale Haydn-skissene vart funne i, merka 'Haydn Lie' og 'Cappelen'.
Foto: Maren Kvamme Hagen– Fantastisk
– Dette er heilt fantastisk, seier nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein. Ho fortel at dei no vil offentleggjere funnet slik at det blir tilgjengeleg for Haydn-forskarar over heile verda.
Kvar dei sjeldne notane endar opp er enno ikkje avgjort, men dei kan vere på veg ut av landet igjen.
– Eg synest at det kanskje bør samlast med andre originalmanus av Haydn, til dømes i nasjonalbiblioteket i Wien, men det må diskuterast både med Cappelen og med kulturdepartementet, seier ho.
Diskuter saka her!