NRK Meny
Normal

Opnar heimen for ukjende middagsgjester

Laurdag går draumen om restaurant i oppfylling for Mie Myhrvold og Per Kristian Johansen. Men berre for ein dag.

Restaurant Day

Andeconfit og bacalao står på menyen når Mie Myhrvold og Per Kristian Johansen inviterer ukjende heim på middag.

Foto: Maria Lavik

På kjøkkenet står 8 kilo klippfisk, 17 kilo tomatar og 13 boksar med andelår spesialimportert frå Frankrike. Mie Myhrvold og Per Kristian Johansen er klare for storinnrykk.

– Me satsar på at rundt 150 kjem innom, seier Per Kristian Johansen og ser seg rundt i leilegheita på 60 kvadratmeter på Tøyen i Oslo.

Dei veit ikkje kven gjestane er, alt dei har gjort er å lasta opp informasjon om hendinga på Facebook og på nettsidene til Restaurant Day, eit nytt konsept som blir omtala som eit "internasjonalt mat-karneval" der alle kan opna sin eigen restaurant eller kafe for ein dag.

– Går i minus

Tøyen cola

I den vesle leilegheita på Tøyen i Oslo blir det servert lokal cola.

Foto: Maria Lavik
Restaurant Day

Klippfisken må opp frå boden, den skal snart bli bacalao.

Foto: Maria Lavik

Gjestene som kjem til pop-up-restauranten på Tøyen kan velje mellom bacalao og andeconfit-salat, rettane kostar berre 100 kroner per porsjon.

– Me kjem til å gå i minus, det er heilt klart. Me skulle gjerne ha gjeve vekk maten, men det har me ikkje råd til. Me gjer ikkje dette for pengane si skuld, seier Per Kristian Johansen.

– Me gjer dette fordi det er gøy. Me møte nokon som arrangerte Restaurant Day i august, og bestemte oss for å prøva dette ut sjølve, seier Mie Myhrvold.

– Eg har lenge hatt ein fjern draum om å starta opp eigen restaurant. No har me mogelegheita til å prøva, i alle fall. Me lærer å tenke logistikk, organisera kjøkkenet, rekna ut kor mykje råvarer me treng og laga budsjett, seier Per Kristian Johansen.

Gjev vekk overskottet

Restaurant Day vart arrangert for første gong i Noreg i november 2012, då var det 4 restaurantar som deltok. Ifølgje det interaktive kartet til Restaurant Day er det denne gongen 12 pop-up restaurantar i Noreg; av dei er 10 i Oslo, 1 i Kristiansand og 1 i Tønsberg (sja meir nedst i saka).

– Me likar å utfordra det etablerte, me tenker me må sjølve skapa liv i vår eigen by, seier Thomas de Vries, leiar for Breakfast Reklamebyrå Tønsberg.

Laurdag blir reklamebyrået gjort om til restaurant, med to typar supper på menyen.

– Me har lokale i ei gamal kyrkje som passar godt til restaurant. No har me dekka på med kvite dukar, me har kyrkjebenker og langbord. Overskottet går til Frivillighetssentralen i Tønsberg, seier de Vries.

Fleire av spontan-restaurantane samlar inn pengar til gode formål. Kafeen Sweet Rendezvous serverer kaker i Deichmanske bibliotek på Majorstuen i Oslo, overskottet går til ein seks år gamal gut som har blitt operert for hjernekreft.

Artikkelen held fram under bildet

Restaurant Day Oslo

Bildet er frå første gong Restaurant Day vart arrangert i Noreg.

Foto: Alex Asensi

Her kan du få med deg Restaurant Day på laurdag:

  • «Spice Quarter» serverer midtausten-inspirert mat i Københavngata 2, Oslo kl. 12.30-16.00
  • «Spansk korrupsjon VI» byr på spansk tapas i Tordenskiolds gate 3, Oslo kl. 17–21
  • «JBG74» serverer bacalao og Andeconfit-salat i Jens Bjelkes gate 74, Oslo kl. 13–20
  • «Winter is Coming» freistar med økologisk mat og drikke i Nordenhovgate 11B, Oslo kl. 12–17
  • «Vin og grønt» byr på ein firerettars meny i Sandakerveien 8C, Oslo kl. 20-22.30
  • «Eastern Promises» freistar med det beste frå det austeuropeiske kjøkkenet i Maridalsveien, Oslo kl. 15–19
  • "What's (so) up?" er arrangert av det norske vegansamfunnet som stiller med heimelaga suppe og kakao i Korsgata 16, oslo, kl. 13–19.
  • "Frokosteriet" freistar med heimelaga frukost i Grønnegata 14D, Oslo, kl. 10–14.
  • "Open Food" lover suppe frå Slovakia og ein kinesisk spesialitet laga av ein ungarsk kokk i Storgata 63, Oslo.
  • "Sweet Rendezvous" stiller med churros, bananbrød og Nutella-kake i Harald Hårfagres gate 2, Oslo kl. 11:00-15:00

Tønsberg:

  • "Slurp!" er eit suppekjøkken i Tønsberg i den nedlagde kyrkja i Møllergaten 6.

Kristiansand:

  • "Restaurant Day Fish and Chips" er arrangert av Kristiansand Food Club, og serverer .... ja, du gjetta det, i Rådhusgata kl. 11:00-17:00