Øystein Sørensen kunne ha gjeve ut musikk som 17 åring. Platebransjen hadde truleg vore meir interessert og sjansen for eit gjennombrot større. 20 år etter gir han ut sin første singel. Med artistnamnet Solon er han klar for ei karriere som musikar.
Ut i Europa
Øystein Sørensen er frå Nærøy i Nord Trøndelag. Dei siste 15 åra har han vore musikar, dramalærar og har bak seg fleire ulike framsyningar i utlandet.
- Eg har master i performing art frå London. Medan eg var der arbeida eg og saman med andre artistar. Den siste tida eg var i metropolen sette eg opp ei framsyning ved George Wood Theatre.
- Etter London drog eg til Amsterdam og budde der i nokre år. Der reiste eg rundt i eit band og spelte coverlåtar.
Musikklærar
For tida bur Øystein i Moss og arbeider som lærar i Oslo. Han underviser i pop/rock ved Nordisk Institutt for Scene og Studio, men er og lysten på å stå på scena sjølv.
- Eg har heile tida stått på scena og framført det andre har laga. No har eg lyst til å synge noko eg har laga sjølv.
- Og difor har du funne eit eige artistnamn?
- Det er to grunnar til det. Frå før av så finst det ein kjend professor i historie med det same namnet. I tillegg så vert eg ofte forveksla med musikaren Per Øystein Sørensen, den eine av to i popbandet Fra Lippo Lippi på 80 talet. Solon er lett å kjenne igjen og ikkje minst greitt å uttale for alle som ikkje skjøner norsk.