Birgit Gjernes fekk ein ilddåp då ho byrja som nynorsk hallodame hausten 1952. Etter ei vekes tid fekk Gjernes masse kjeft frå lyttarane, og mange krevde at ho måtte slutte fordi ho snakka nynorsk.
Støtta av kollegaene
Støtta frå kringkastingssjef Kaare Fostervoll var god å ha. (Foto: SCANPIX)
NRK-kollegaene støtta henne, og Birgit Gjernes fekk positive reaksjonar fra blant anna skodespelaren Hauk Aabel som sa: "Ikke bry Dem om dette brølet De, det går nok snart over".
Men kritikken gav seg ikkje, og då var støtta frå kringkastingssjef Kaare Fostervoll god å ha. I eit møte i Kringkastingsrådet sa han at kritikken som Birgit Gjernes møtte var som å gå gjennom skjærsilden. Han forsvarte henne også då ho tabba seg ut under "Ønskekonserten". Då Gjernes kom i skade for å seie "Hamar Jarnstøyperi" i staden for "Hamar Jernstøperi" nekta Fostervoll for at Gjernes hadde sagt feil. Grungjevinga hans var at det ikkje var alt ein hadde råd til å vedgå.
Kjetil Lillesæter
I seinare tid vart Birgit Gjernes både programskapar og redaksjonssjef for NRK s kulturavdeling.
Klikk på lenka i medieboksen over for å høyre Kjetil Lillesæter snakke med Birgit Gjernes.
Norgesglasset NRK P1 6. oktober.