Den internasjonalt kjende pianisten blei funnen hardt skada i heimen sin i august i fjor, og døydde kort tid etter av skadane ho hadde fått. Den norske ektemannen hennar blei arrestert same kveld, og no er han dømd for drap, skriv The Guardian.
Natalia Strelchenko, også kjend som Natalia Strelle, var fødd i Russland, men budde i Norge i 15 år. Ho studerte ved konservatoriet i St. Petersburg og Norges musikkhøgskole.
Ho spelte i fleire kjende konserthus rundt om i verda, som Wigmore Hall i London, Carnegie Hall i New York og Französischer Dom i Berlin. Ho skulle også spele i Oslo i fjor haust.
Turbulent forhold
Forholdet mellom nordmannen og pianisten blei omtalt som turbulent i retten. I tida før dødsfallet hadde paret krangla fleire gongar offentleg, og vennar skal ha vore uroa for Strelchenko.
I retten vitna ein polsk fiolinist som skal ha vore til stades den kvelden den norsk-russiske pianisten blei mishandla slik at ho døydde. Ifølge vitneprovet kom mannen heim etter å ha vore ute i fleire timar, og verka sint.
Ekteparet hadde byrja å krangle, og etter kvart slåst. Dei ramla ned ei trapp, der ektemannen skal ha halde fram med mishandlinga. Fiolinisten sprang frå huset for å tilkalle hjelp.
Deprimert
Nordmannen seier han ikkje hugsar noko frå kvelden, og sa seg ikkje skuldig etter tiltalen. Men undervegs i rettssaka forstod at han måtte vere «mannen bak ugjerninga», skriv The Guardian.
Han fortalde retten at han hadde vore gjennom ein periode med depresjon i tida før drapet. Den kvelden drapet skjedde hadde han teke ein miks av piller og alkohol som gjorde han aggressiv og gjorde at han ikkje hugsa noko frå den kvelden.
Aktor hadde ikkje lit til nordmannen si forklaring om at han ikkje hugsa kva som skjedde, og at han difor burde dømmast. Og det fekk dei med seg juryen på.
Det er venta at straffeutmålinga i saka skal kome i neste veke.