Byggherren Statsbygg stilte det nye operahuset til disposisjon frå klokka to.
NETT-TV:
Alle som kan ærast for at den kvite marmorprakten er reist i løpet av dei siste fem åra, var til stades under overrekkinga.
- Like flott som Sidney
Nøkkelen passerte fleire hender før operasjef Bjørn Simensen sto med det synlege beviset på at han no er sjef i nytt operahus, ein bygning som ifølgje arkitektfirmaet Snøhetta er ein av dei fem mest krevjande bygningane som er reist dei siste åra i heile verda.
- Då Snøhetta vann arkitektkonkurransen var det mange som hadde ambisjonar om at det nye operabygget i Bjørvika skulle verte like flott som bygget i Sidney. Det har det vorte, sa Giske og synte til svært rosande omtale i fleire store utanlandske medie.
I går vart det også klart at Operaen vert rimelegare enn ein venta.
LES:
Lang opningsfest
Når Operaen opnar dørene i morgon, betyr det startskot for ein 70 dagar lang opningsfest.
Representantar for det offisielle Noreg med kongeparet i spissen vil okkupere mesteparten av dei nesten 1.400 plassane i Store sal under opningsgallaen 12. april.
Fyrst sundag 13. april er det ope hus, der publikum blir vist rundt i bygget.