Kent består i dag av Joakim Berg, Markus Mustonen, Harri Mänty, Martin Sköld og Sami Sirviö. Foto; Øyvind André Haram, NRK.
Dette handla eigentleg om å vise for alle at dei er på toppen. Det finst nemleg ingen andre nordiske grupper som er like store som Kent akkurat no. Platesalet har passert over ein halv million i Danmark, Sverige, Finland, Island og Norge. Haustens konsertar er nesten utselde. Kent er i leiinga. Då bør ein vise kvifor.
I tet
Kent meistra rolla som Nordens største artistar. Indie-rockbandet
Markus Mustonen spelar trommer i Kent. Foto; Øyvind André Haram, NRK
som så smått starta i Eskilstuna for over 10 år sidan, har blitt store. Kent kan verkeleg å smelle til med gode konsertar. Tidlegare i år har dei overbevist både på Quart, Roskilde og ikkje minst på sin Kalas turne i heimlandet.
Det har langt i frå vore hundretusenvis av platekjøparar før om åra. Noko har derimot skjedd med bandet. På den siste plata har dei klart å famne om fleire. Dei har blitt litt meir vare på låtane, og kanskje ikkje så indieprega som tidlegare. Mange vil
4000 trønderar var svært begeistra under åpninga av haust-turneen til Kent 2002. Foto; Øyvind André Haram, NRK.
trekkje samanlikning med U2, noko underteikna til dels kan vere samd i. Kanskje er det samanlikninga som gjer at populariteten berre veks?
Oppbygginga
Det overbevisande med Kent er oppbygginga av ein konsert. Det startar langt i frå roleg, men tøft og samtidig varmt. Knall raude lys frå første scenesteg varslar at her har vi noko godt i vente. Så byggjer det seg opp etter kvart, med stadig fleire hitlåtar. Før det heile når eit klimaks med ”Elite”, ”Kärleken Vëntar” og ”Musik Non Stop”. Ein står med glede samanhengande i nesten to timar utan å kjede seg eit minutt.
God lyd
Å leggje turneopninga til Trondheim og storstua Spektrum kan vere eit vågestykke. Både Brian Adams og Joe Cocker har entra scena i Trondheim og hatt vanskar med lyden. Kent virka derimot svært førebudde.
I ein stor idrettshall var det godt å høyre samtlege instrument klart og tydeleg. Kor ofte er det til dømes ein høyrer gode akustiske gitar i rå rockelåtar? Eit ekstra pluss til lydmannen. Han fekk også fram nyansane og dei gode svenske tekstane til Joakim Berg.
Fulle hus
Kent har fulle ordrebøker heilt fram til jul. Med utselde lokalar nesten over alt, kan tusenvis av nordmenn, danskar og svenskar glede seg dei neste vekene og månedane. Kent har masse på lager. Joakim Berg og Co vil gjerne vise at dei er størst og best.
Dette spelte Kent:
Langstans skala 3:1
Sundance Kid
Dom Andra
Pärlor
Celcius
Chans
Kräm
Blå Jeans
Pojken
Ingen kommer at tro dig
Elever
Stoppa mig juni
Socker
En himmelsk drog
Om du var har
Elite
Sverige
Ekstranummer 1:
Kärleken ventar
Musik non stop
FF
Ekstranummer 2:
Vinter 02
747