Hopp til innhold
Anmeldelse

Når ikkje opp til førsteboka

Andre roman i «Byens spor»-trilogien er meir insisterande, men mindre overtydande.

Lars Saabye Christensen

Lars Saabye Christensen er ute med bok nummer to i trilogien «Byens spor».

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Romanseriar er lumske saker. Anten liknar dei ei hengekøye der siste boka vippar opp mot kvalitetane frå opninga, som i Knausgårds «Min kamp». Eller – meir vanleg – kurva følgjer stø kurs nedover frå bok til bok, som i Anne B. Ragdes «Berlinerpoplene». Brutalt sagt må den vanskelege andreboka i ein serie løfte seg over den første for å finne nåde hjå lesaren.

«Byens spor II» manglar dette løftet. Boka er ikkje dårleg, slett ikkje, men ho står ikkje fram slik første bok i denne trilogien gjorde. Her er meir av det same: Reklamemannen Ewald er framleis død, enkefru Maj er framleis kasserar i Fagerborg Avdeling av Norges Røde Kors. Sonen Jesper og kameraten Jostein snublar seg vidare, no er dei komne i puberteten.

Snevre kvinneroller

Vi skriv 1956 og det sterkaste her, som i førsteboka, er kvinnene. I løpet av dei siste 60 åra har norske kvinner erobra eit handlingsrom som er dramatisk mykje større enn i året då Maj blei førti og Jesper sjekka si første dame.

At Maj går ut i yrkeslivet, ser mange på med stor skepsis. Ligg ho med sjefen for å heve julegratialet? Kan ei yrkesaktiv kvinne vere god mor? OK, problemstillingane er attkjennelege, men rommet er likevel dramatisk mykje større no. Trass alt.

Men kven er så dei «mange» som meiner noko om fru Maj? Jo, det er kollektivet av kvinner som frekventerer slaktarforretninga til Josteins foreldre, det er Røde Kors og det er sladrehankar av begge kjønn som glaner ut vindauga for å sjekke kva som skjer. At sladder spreidde seg raskt og effektivt før sosiale medium òg, blir her sannsynleggjort utover rimeleg tvil.

Og Røde Kors, som tappert arrangerer basarar og samlar inn pengar til verdige trengande: Dei kan vere temmeleg bornerte når den trengande ikkje er verdig nok, eller når kasseraren dreg på ferie med ein mann.

Språkleg skurr

Kvinnerollene er interessante, men lesaren får lite innblikk i einskildpersonane. Maj hadde fin ferie i utlandet, enkefru Vik forsikrar at ho er lykkeleg med den nye mannen sin, og så får det bli med det. Særleg Maj, hovudpersonen, hadde fortent å bli teikna med fleire nyansar.

Eit anna trekk er at den kjekke tonen frå Bristol no har smitta over på Jesper. Der passar han dårleg. Heller ikkje på 50-talet arva ungdommen sjargongen frå foreldregenerasjonen. Saman med blødmer og overdrivingar blir den til støy. Det er for mykje, det er feil plassert og det får ein til å sakne det som er utelate endå meir. Det skurrar.

Skurre gjer det også når ein gymnasiast skal lese Goethes «Vandringsmanns nattvise» i Hartvig Kirans gjendikting og presterer tre feil i den vesle teksten.

Det er å håpe at «Byens spor II» er ein mellometappe før Saabye Christensen knallar skikkeleg til att med tredje og siste roman i trilogien.

Passar for deg som:

  • interesserer deg for 50-talet

Fleire meldingar frå NRK

Byens spor : Ewald og Maj
Foto: Cappelen Damm

Lars Saabye Christensen går opp gamle spor i romanen «Byens spor». Når han har valt å skrive etter formelen same, but different, er han i godt selskap. På sitt beste

Sveas sønn, av Lena Andersson
Foto: Gyldendal

Det er ikkje bra når dei sosialdemokratiske ideane okkuperer skallen til ein kar så fullstendig som her. Men forfattaren gir han nokre gode kort. Køyr debatt! Medelsvenssons vekst og fall

Trude Marstein, så mye hadde jeg

Trude Marstein byggjer stor litteratur med bitte små byggjeklossar: ein liten geip, eit solbrunt lår, eit marmorkakestykke, eit hugskott. Kva er det som gjer at vi lesarar gong på gong blir forført av slikt? Klokt om det moderne begjæret etter alt

Kulturstrøm

  • Banksy-utstilling til Oslo

    I februar kommer Banksy-utstillingen «The Mystery of Banksy – A Genius Mind» til Økern-senteret i Oslo.

    Utstillingen åpner 23. februar og vil vise fram nærmere 150 reproduksjoner av gatekunstnerens verker. Utstillingen skal ikke være godkjent av kunstneren selv, på grunn av hans anonyme status.

    – Vi er utrolig stolte for å kunne åpne dørene til denne storslagne utstillingen på Økernsenteret, sier arrangør Bjørn Heiseldal ved Thalia teater til NTB.

    1,4 millioner personer har besøkt utstillingen siden den åpnet i München våren 2021. Den har siden vært innom både Wien, Berlin, Zürich, Hamburg og Malmö.

    Den britiske kunstnerens identitet er forblitt en godt bevart hemmelighet, til tross for at hans kunststunt har vekket stor oppmerksomhet internasjonalt i en årrekke. Det er imidlertid antatt at han er en mann 45-50- alderen som er fra Bristol i England.

Flere kulturnyheter

Jon Fosse ord for ord

– Det er en stor ære.

Jon Fosse byrja nobelforedraget med å fortelje om si livslange frykt for høgtlesing

– Og no nesten heilt utan redsle, las han skjelvande. Nobelforedraget til Jon Fosse rørte fleire.