På eit hotellrom i Tønsberg sit Aslak Johnsen. Eigentleg så har han ikkje tid til å prate. Det å vere fulltidsmusikar krev gjerne litt ekstra
- Det går stort sett i eitt heile tida. Akkurat no er eg engasjert som musikar for Rikskonsertane. Samstundes spelar eg bass i bandet Brent. Slik er det for dei fleste av oss. Bliss er difor lagt på vent i eit par månadar.
Blanding av melankoli og trøkk
Bliss er fire dyktige musikarar. Vokalist og bassist Aslak J. Johnsen, Aslak Diesen spelar trommer, Arvid Solvang spelar gitar medan Christian Nystrøm trakterar tangentane.
Det kan høyrast ut som Bliss berre er eit fritidsprosjekt som dukkar opp no og då, men vokalist Aslak vil gjerne at bandet skal vere noko meir.
- Det heile starta for vel eit år sidan. Me møtte kvarandre i Oslo og fant raskt ut at kjemien stemde svært bra. Interessa for låtar med litt ekstra trøkk i, var fellesnemnaren.
- På kva måte?
- Av og til spelar du musikk og kjenner noko ekstra. Me følte at det me gjorde samansatt svært godt. Det skal vere litt rolege låtar, samstundes så må det trøkke litt ekstra på. Kall det gjerne melankolsk rock, seier Aslak.
Ei kjærleiksballade med sjølvinnsikt
- Ja det er slik låta "Still it hurts er", seier Aslak og forklarar nærmare om p1 demo- låta som han skreiv for ei tid tilbake sidan.
- Eg har prøvd den i eit anna band, men det er først saman med dei tre andre i Bliss at den fungerar. Det er ein song om det å gå frå kvarandre. Fyrst så trur du at det berre er hennar feil, men så innser du at du sjølv har også vore med på å rote det til.
Plate seinare i år
- Kor mykje tid har de til å spele saman?
- Akkurat no så er det lite av det, men det vil skje ting på vårparten. Me har faktisk planar om å gjeve ut ein CD. Til no så har me laga ein liten cd med eit par låtar, men me vil bruke tid på det.
Bliss vil kanskje vere eit ukjent band akkurat no, målet er likevel at rykta skal spreie seg om at noko er på gong.