NRK Meny

Kulturstrøm

  • Clinton toppar boklista i USA

    Tidlegare president Bill Clinton toppar den amerikanske boklista med thrillaren «Presidenten er savnet», melder Bok365. Clinton har skrive fiksjonsboka saman med den kjente forfattaren James Patterson. Førebels er boka seld i ein halv million eksemplar. Ho kjem snart på norsk ved Gyldendal forlag.

    Bill Clinton
    Foto: Bebeto Matthews / AP
  • Springsteen i Netflix

    Bruce Springsteen opptrer for tida i New York med einmannsshowet «Springsteen on Broadway», der han syng, spelar og fortel historier frå livet som artist. I går offentleggjorde Netflix at ein innspelt versjon vil bli å finne på strøymetenesta i desember, skriv Billboard. Stykket er basert på Springsteens sjølvbiografi, og gjer stor suksess på Broadway.

    Bruce Springsteen, Granåsen
    Foto: Stein Lorentzen / NRK