Hopp til innhold

Med dampbåt på Hjørundfjorden

Entusiasme, pågangsmot og arbeidsglede er stikkord for Norge Rundt den 25. mai. Vi møter nokre av eldsjelene som har restaurert dampskipet ”Thorolf”, og hotelleigaren som har tilbakeført Hotel Union Øye til fordums glans. Ikkje minst er vi på tur på den vakre Hjørundfjorden på Sunnmøre.

D/S «Thorolf»

Dampskipet «Thorolf» er det siste dampskipet i tre som er att i Nord-Europa.

Foto: NRK

Norge Rundt på NRK1 fredag 25. mai kl. 19:30.

Dampskipet ”Thorolf” var eit vrak då det i 1988 vart tatt hand om av stiftinga ”Thorolfs Venner” i Langevåg. Sidan då er tusenvis av dugnadstimar brukt på å restaurere skipet. Skroget til ”Thorolf” vart bygd i Hardanger i 1910-11, og utrusta ved Brunholmen Mek. Verkstad i Ålesund. I dag er skipet det siste dampskipet i tre som er att i Nord-Europa. Det er kåra til kulturminne for Sula kommune og fekk fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal i 2000.

 

Skipper Frode Nordstrand i styrhuset på D/S «Thorolf»

Skipper Frode Nordstrand i styrhuset på D/S «Thorolf

Foto: NRK

 Frå sør til nord

Det var tekstilfirmaet O. A. Devolds Sønner A/S i Langevåg som eigde ”Thorolf,” og som brukte den som agentbåt heilt fram til slutten av sekstiåra. Seljarane budde ombord i skipet i månadsvis i slengen, medan dei farta kysten frå Sørlandet til Finnmark med råvarer, vareprøver og ferdige produkt. Seinare vart skipet seld til Ålesund.

 

Maskinistane Ørnulf Jensen og Knut Rudi

Maskinistane Ørnulf Jensen og Knut Rudi.

Foto: NRK

”Thorolf” hadde bak seg eit forlis og mange år utan vedlikehald då entusiastane i Langevåg fekk kjøpt skipet tilbake til bygda. I dag er skipet igjen sjødyktig, med den opphavelege dampmaskinen inntakt, og kan leigast til helgeturar.

Fjordslott i sveitserstil  

 

Hotel Union Øye

Hotel Union Øye

Foto: NRK

Inst i Nordangsfjorden, ei arm av Hjørundfjorden, ligg den vesle bygda Øye. Og der, ein liten spasertur frå kaia, ligg hotellet i sveitserstil, som i dag er like vakkert og velstelt som då det opna i 1891. Engelske klatrarar og laksefiskarar, medlemmar frå dei europeiske kongehusa og den tyske keiser Wilhelm med følgje var alle hyppige gjester rundt forrige århundreskifte. 

 

Hotelleigar Per Ola Ratvik.

Hotelleigar Per Ola Ratvik.

Foto: NRK

Men då ålesundaren Per Ola Ratvik kjøpte hotellet på slutten av 80-talet, var det nesten ein ruin. Det hindra han likevel ikkje i å sjå kva det kunne bli. Med stort engasjement og pågangsmot gjekk han i gang med restaureringsarbeidet. 

 

Spisesalen på Hotel Union Øye.

Programleiar May Britt Haukås og hotelleigar Per Ola Ratvik i spisesalen på Hotel Union Øye.

Foto: NRK

Tårer og blodslit

Etter mange motbakkar og tøffe tak, kom medhjelparane Johan Øye og Idar Nordang med som kompanjongar. Sidan då har det gått ein veg for hotellet: Oppover. 

 

Salongen på Hotel Union Øye.

Salongen på Hotel Union Øye.

Foto: NRK

I dag er det nennsomt restaurert tilbake til slik det kan ha sett ut då det var nytt. Nesten ingen ting var igjen av det gamle interiøret, det som er der i dag er kjøpt på auksjonar, i antikvitetsbutikkar og på loppemarknader i inn- og utland. Sengane er laga etter Ratvik sine teikningar og ingen av romma er like.

 

Eitt av romma på Hotel Union Øye. Alle er ulike.

Eitt av romma på Hotel Union Øye. Alle er ulike.

Foto: NRK

 

Rom på Hotel Union Øye.

Rom på Hotel Union Øye.

Foto: NRK

 Ukjent perle

Dei fleste har høyrt om Geirangerfjorden. Hjørundfjorden er ikkje like godt kjent, men vel verd eit besøk den også. Vill, urørt og vakker ligg denna arma av Storfjorden midt i hjartet av Sunnmørsalpane, omkransa av eit mylder av tindar, brear, små grender, fossar og elvar. Det skiftande veret og den storslagne naturen gjer ein tur på Hjørundfjorden til ei stor oppleving.

 

Hørundfjorden er omkransa av vakre fjell.

Hørundfjorden er omkransa av vakre fjell.

Foto: NRK

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.